Hopp til innhold

Dei vil ha humor inn i sjukepleiepensum

Kan humor gjere kreftpasientar friskare? Dette spørsmålet ville sjukepleiestudentane Marte Enge og Lene Johanson ha svar på.

Marte Enge og Lene Johanson

VIL HA FOKUS PÅ HUMOR: Sjukepleiestudentane Marte Enge (t.v.) og Lene Johansen saknar humor som del av sjukepleieutdanninga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Som studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har dei stussa på kor lite fokus det er på humor mellom sjukepleiarar og pasientar i studiet. Etter å ha sett kor viktig det er fann dei ut at dei ville skrive ei oppgåve om korleis sjukepleiarar kan bruke humor i møte med kreftpasientar.

– Vi var saman i praksis på ei kreftavdeling, og vi trudde at det skulle vere veldig tungt. Det var det og til tider, men vi vart overraska over at det var så lett stemning, mykje latter og spøk. Det var ein veldig god tone mellom sjukepleiarar, legar og pasientar, seier Lene.

Dette gjorde at dei vart nysgjerrige og sette seg føre å finne ut meir. Dermed valde dei humor og kreftbehandling som tema for bacheloroppgåva si. Det første dei gjorde var å leite etter forsking på området, fortel Marte.

– Det viste seg at det var enormt mykje forsking om det, mest i utlandet. Då vart vi ekstra nysgjerrige.

– Lære å bruke humor på rett måte

Dei vil at helsepersonell skal bli meir obs på sin eigen bruk av humor, og kva det kan gjere for pasienten.

– Dei kan bruke humor som eit kommunikasjonsverktøy, som ein måte å innleie til djupare samtalar på, og dei kan bruke det som avleiing i ulike sjukepleieprosedyrar. For pasientar er det mest ein meistringsstrategi, det kan vere deira måte å takle sjukdommen og meistre kvardagen, seier Marte Enge.

I praksisen sin snakka dei med fleire pasientar om kor viktig humor var for dei. No håpar dei at oppgåva deira kan føre til at humor får meir plass i sjukepleieutdanninga.

– Ved at det blir ein del av studiet kan studentane lære å bruke humor på rett måte og forstå kva det betyr, seier Marte.

– Hårfin balanse

For det kan vere fort gjort å gå i grøfta med feil bruk av humor, meiner Lene Johanson.

– Det er ein hårfin balanse mellom kva som er rett og gal måte. Ein skal passe seg, for det kan gå gale, det kan skape stor avstand mellom sjukepleiar og pasient. Men får ein god kontakt med pasienten kan det bli ein naturleg del.