Hopp til innhold

– For å ha liv i bygda og lys i husa, må ein ha inntekter

Grunneigar Einar Svarstad meiner Bremangerlandet vindkraftverk vil vere med på å halde liv i bygda. Men no snur to av dei største partia i kommunen ryggen til prosjektet.

Einar Svarstad

VIL HA VINDKRAFT: – Politikarane må vere politikarar for oss fastbuande også, seier grunneigar Einar Svarstad.

Foto: PRIVAT

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg kan ikkje sjå ei einaste negativ side.

Grunneigar Einar Svarstad er sikker i si sak. 18 vindmøller på Bremangerlandet vil ikkje berre gi rein, fornybar energi, men også nødvendige inntekter til både Bremanger kommune og grunneigarar.

Det er ikkje berre romantikk i Bremanger. Kom heim ein måndagskveld i oktober og sjå kor mange hus som er mørklagde.

Einar Svarstad, grunneigar

Etter først å ha fått nei frå NVE, gav Olje- og energidepartementet i 2017 konsesjon til prosjektet.

To år seinare snur vinden igjen for utbygginga på Bremangerlandet. Firdaposten fortalde nyleg at Bremanger Høgre skifta syn. Så gjorde Arbeidarpartiet det same.

– Eg synest det er svært beklageleg at dei tek ei slik avgjerd på det grunnlaget dei har gjort, seier Svarstad.

– Det var eit folkemøte i byrjinga av august der det blei sagt ein skulle vente på MTA-planen (miljø-, transport- og arealplan) og sjå med lys og lykter på den. Så snur dei utan anna faktaargumentasjon enn det som kjem i aksjonsgruppa på Facebook, legg han til.

Medlemmene sa nei

I mai i år kom det meldingar om endringar i prosjektet, mellom anna skulle vindmøllene bli større og færre.

Ordførarkandidat for Bremanger Høgre, Elisabeth Hatlenes, seier synspunkt frå medlemmer og ny informasjon danna grunnlag for deira vending.

– Det som gjorde Bremangerlandet-konsesjonen forlokkande, var at det skulle kome ein ny og brei veg, møllene skulle bli lite synlege og skjema. Men når alt kjem til alt, er vindmøllene blitt større og vegen blir ikkje ein realitet, ein får i staden ein kompensasjon.

Elisabeth Birkeland Hatlenes

REAKSJONAR: Reaksjonane etter at Bremanger Høgre skifta side i vindkraftsaka har vore både positive og negative, seier ordførarkandidat Elisabeth Hatlenes. Ho meiner avgjerda er rett.

Foto: David Zadig

Lokallaget har fått både positive og negative reaksjonar på snuoperasjonen.

– Enkelte vil kalle det valflesk. Men når eg er ute og snakkar med folk er mange positive til at vi har endra syn.

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet Anne Kristin Førde seier dei skifta syn etter påtrykk frå medlemmene i lokallaget, nye opplysningar og den folkelege motstanden ein ser mot vindkraft. Tapa er større enn vinsten ved prosjektet, meiner ho.

– Vi fekk så mange signal frå våre medlemmer, som syntest dette gjekk over alle støvelskaft, seier Førde.

Held på ja-standpunkt

Sjølv om konsesjonen er gitt, meiner Hatlenes moglegheita til å stogge prosjektet er reell. I Bremanger er no Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og SV mot. Før valet utgjer dei eit fleirtal.

Men det er også partia som held fast ved ja-standpunktet. Ordførarkandidat for KrF, Rune Nordbotten, meiner det ikkje har kome endringar som no gir grunnlag for å skifte ståstad.

– Er det utfordrande som politikar å vere for vindkraft?

– Eg prøver å vere ærleg. Eg er glad i naturen sjølv, og har ikkje problem med å innrømme at det er både positive og negative sider, men eg prøver å sjå heilskapen. Då ser eg at vi av klimatiske grunnar også må bruke vindkraft.

Omsyn til natur veg tyngst

Ikkje alle er samde i det. På kort tid har Facebookgruppa «Nei til SFE, BKK vindkraft på Bremangerlandet»samla over 2500 medlemmer. Mange er feriefolk og utflyttarar som ønskjer å bevare Bremangerlandet slik det var i barndomen, meiner Svarstad.

Jørund Nygård er både vindkraftmotstandar og utflyttar frå Bremanger, men vil heim når han er ferdig med studiar.

Jørund Nygård

GLAD FOR SNUOPERASJON: Vindkraftmotstandar Jørund Nygård er glad for at eit fleirtal i dagens kommunestyre no er mot vindkraftutbygginga på Bremangerlandet.

Foto: PRIVAT

– Hadde det vore slik at eit fleirtal i Bremanger var for, hadde ikkje eg orka å engasjere meg, seier han.

Omsynet til naturen, til naturbasert reiseliv og friluftsliv og frykt for støyplagar dannar delar av grunnlaget for motstanden. Nygård viser dessutan til at utbygging på store myrområde vil frigjere klimagassar. Vindmøllene vil også kome i ei hovedtrekkrute for landtrekkande fuglar, noko BT har omtala.

Nygård er glad for at politikarar i heimkommunen no har snudd i vindkraftsaka.

– Vi har lyst å vise at det er eit stort ønske frå folk i Bremanger å stogge prosjektet. Eg håpar partia som er imot, får igjen for det.

Ikkje uroa

På spørsmål om det er faktiske moglegheiter for at Bremangerlandet vindkraftverk kan bli stogga, svarer senior kommunikasjonsrådgjevar Peder Quale i Olje- og energidepartementet følgjande:

«Alminnelige forvaltningsrettslige regler ligger til grunn for konsesjonsbehandlingen av gitte konsesjoner for vindkraftanlegg etter energiloven. Dette er en konsesjon departementet ikke har anledning å trekke tilbake. Det er heller ikke aktuelt med en ny generell vurdering av allerede gitte konsesjoner.»

Grunneigar Einar Svarstad har ikkje vore særleg uroa for at prosjektet skal bli stogga.

– Kommunestyret får ikkje dette til ny behandling for eit ja eller nei, kommunestyret får spele inn meiningar og ønske til MTA-planen, seier han.

– Blir det komande valet likevel viktig?

– Det er klart det blir det. Det er trist viss eit kommunestyre går inn for å stogge noko dei eigentleg ikkje kan stogge.