Hopp til innhold

– Folk stod utanfor og var heilt i sjokk

BUDAPEST (NRK): 200 norske studentar står i fare for å ikkje få lisens og autorisasjon etter fullført psykologiutdanning. For Oda Havnen Nytrøen var sjokket stort. No havnar saka på ESA sitt bord.

Oda Havnen Nytrøen er sisteårsstudent i Budapest.

TØFT: Oda Havnen Nytrøen er sisteårsstudent i Budapest, og meldinga som kom frå norske styresmakter i fjor haust sjokkerte ho og medstudentane. – Vi tek mange ekstra fag no.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det var veldig overraskande. Eg hugsar vi kom på skulen, og folk stod utanfor og var heilt i sjokk. Heile klassa var likbleike og nokre var på gråten. Det var tøft, fortel Oda Havnen Nytrøen frå Førde.

Ho er ein av mange som har reist til Budapest for å utdanne seg til psykolog. I 13 år har ELTE-universitetet utdanna norske psykologar, men no blir ikkje utdanninga lenger godkjent i Noreg. Dermed kan 200 norske studentar stå i fare for å ikkje få lisens og autorisasjon til å arbeide.

No har ho og dei andre studentane klaga norske styresmakter si avgjerd inn for overvakingsorganet ESA. Dei nekta å akseptere at utdanninga ikkje er god nok.

– Det var tøft å få meldinga når ein er på siste året sitt, har skrive master og skal ut i praksis. Ein tviler litt på seg sjølv då, seier Nytrøen.

I 2015 omtalte NRK Brennpunkt fleire sjukepleiarar som hadde liknande problem, der utdanninga deira frå utlandet ikkje vart godkjende då dei kom tilbake til Norge.

Tor-Arne M. Å. Haugland (Stavanger), Maja Tømte Boye (Stavern), Oda Havnen Nytrøen (Førde), Alexande

UVISSA: Dei går siste året på psykologistudiet, men veit ikkje om dei får lov å praktisere om dei vil arbeide i Noreg. Tor-Arne M.Å. Haugland (Stavanger), Maja Tømte Boye (Stavern), Oda Havnen Nytrøen (Førde), Alexander Hvaring (student og leiar i psykologiforbundet sitt lokallag i Budapest).

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Ventar på nye råd

Sjokkmeldinga frå norske helsestyresmakter kom i fjor haust. Årsaka til endringa er nye opplysningar frå ungarske styresmakter. Og Helsedirektoratet meiner no at studentane verken har nok klinisk praksis eller teori i utdanninga si. Det vil seie at dei ikkje har nok kontakt med pasientane.

– Vi har veldig stor forståing for at dette er frustrerande og vanskeleg for dei involverte studentane. Vi ventar på nye faglege råd, og treng det grunnlagsmaterialet for å gje ei ny vurdering, seier Anne Farseth, avdelingsdirektør i helsedirektoratet.

Anne Farseth i Helsedirektoratet.

MÅ SVARE: Anne Farseth i Helsedirektoratet må forklare for Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) kvifor dei ikkje lenger vil godkjenne psykologutdanninga ved ELTE-universitetet i Budapest. HOD må svare vidare til ESA.

Foto: Rebecca Ravneberg / Helsedirektoratet

– Helse- og omsorgsdepartementet må svare det europeiske overvakingsorganet og kvifor dei vel å sjå vekk frå EØS-regelverket når dei vurderer ELTE-studentane no. Dei har fått åtte konkrete punkt som dei må gjere greie for. Vi er veldig spente på kva svar vi får der, seier Aleksander Hvaring, sisteårsstudent og leiar for studentane.

Gir ikkje opp

Han meiner handsaminga har vore kritikkverdig og at svara som har kome til no har vore utydelege. Han og dei andre studentane prøver å halde motet oppe, og tek endå fleire fag for å få godkjent utdanninga si.

– Eg veit ikkje kor mange studiepoeng vi tek no. Skulen har sett opp mange ekstra fag, og vi skal ha kurs i vår, fortel Nytrøen.

Avgjerda i EFTA-domstolen er venta i løpet av våren. For Nytrøen er det ikkje eit alternativ å sjå seg om etter andre yrke.

– Nei, klinisk psykolog skal eg bli. Uansett.