Hopp til innhold

– Folk må ut og stake stikkrenner

NVE har sendt ut varsel om flaum for onsdag og torsdag. – Folk flest kan gjere mykje for å redusere skadane.

Flaum i Førde

MYKJE VATN: Slik såg det ut i Førde då det kom store nedbørsmengder i romjula.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Det seier vakthavande hydrolog Lars-Evan Pettersson ved Norges vassdrags- og energidirektorat. Han oppmodar folk om å vere føre var allereie no.

– Det er viktig at alt av avløpsvegar er frie slik at vatnet finn fram. Det vil seie at slukar og stikkrenner i bebygde strok må vere opne.

– Med andre ord må folk ut å fjerne is og snø frå desse, seier Pettersson.

Kan kome 100 mm enkelte stader

NVE har sendt ut varsel om flaum for fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane i perioden 22. – 23- februar. I alle dei tre vestlandsfylka er det meldt store nedbørsmengder utover ettermiddagen onsdag og det næraste døgnet.

Pettersson seier det lokalt kan kome opp i 100 millimeter i løpet av eit døgn, noko som blir rekna som svært mykje. Det er venta at nedbøren vil kome som regn heilt opp mot 1000 moh.

Med tanke på at det allereie ligg mykje snø fleire stader, vil desse nedbørsmengdene kunne gjere større skade enn om dei hadde kome sommarstid.

– Det blir veldig mykje regn og det kan bli intenst i periodar, seier Pettersson.

Ventar 5-årsflaum

Vassføringa i dei fleste elvar vil auka raskt og det er venta flaumvassføring rundt 5-årsflaum i elvar som har den største delen av sitt nedbørsfelt under 1000 moh, skriv NVE i varselet. Spesielt i små vassdrag vil vassføringa auke raskt.

Det er stor fare for lokale overfløymingar og Pettersson ber folk tenkje på dette allereie i dag. Mange stader ligg det både snø og is over stikkrennar og slukar.

– Dersom desse er tette finn vatnet andre vegar. Det kan bety lokal flaum, men også at vatnet grev seg veg gjennom terrenget, noko som igjen kan bety skader på både vegar og terreng, seier Pettersson.

Auka fare for jordskred

Starten på veka har vore prega av stor snøskredfare i fjellet, og dei store nedbørsmengdene som no er varsla er ikkje godt nytt i forhold til dette. No aukar også faren for jordskred.

Kombinasjonen av regn og snøsmelting på allereie vassmetta jord betyr auka fare for at jorda skal skli ut. Jordskredfaren er spesielt gjeldande i terreng med bratte skråningar og langs bekkeløp.

– Dette med auka jordskredfare er noko av det skumlaste med desse nedbørsmengdene. Slik skred kan kome høgt oppe frå fjellsida og ned i vegar eller busetnad, seier Pettersson.