Hopp til innhold

– Folk må handle lokalt om dei vil ha lokale butikkar

HØYANGER (NRK): Innflyttaren Stine Baumann kjempar for at folk i industribygda Høyanger skal kjøpe julegåvene lokalt. Berre slik kan lokale butikkar reddast, meiner ho.

Stine Baumann, advokat i Høyanger

HANDLAR LOKALT: Stine Baumann har alt handla fem-seks julegåver i Høyanger sentrum. Ho fortel at handelsstanden i bygda er positiv til engasjementet hennar.

Foto: May Britt Eide / Ytre Sogn

– Folk må vite at dei påverkar gjennom måten dei handlar på, og kor dei handlar. Det er kjempeviktig at me er klar over det, seier Stine Baumann.

Det byrja med eit Facebook-innlegg som fekk godt med merksemd. Ho kalla det «Fem for Høyanger».

Det vart først omtala i lokalavisa Ytre Sogn.

– Det var ei oppfordring om å handle minst fem julegåver i Høyanger sentrum, seier ho.

– Du har stor makt

Innlegget skapa engasjement, med mange som dela, lika og kommenterte. Fleire hengde seg på bodskapen og har sagt at dei skal gjennomføre prosjektet. Baumann vil særleg at julegåvene og desemberhandelen blir gjort lokalt. Desember er den viktigaste månaden til handelsstanden.

– Vi som forbrukarar har stor makt. Gjennom å leggje igjen pengar i lokale butikkar så bidreg me til eit levande lokalsamfunn.

– Har du sjølv handla julegåvene lokalt då?

– Ja, det har eg. Eg er ikkje ferdig, men godt i gang. Eg har handla fem–seks stykke her i sentrum, og nesten alle julekalendergåvene har eg òg handla her, seier ho.

Hard konkurranse

I bransjeorganisasjonen Virke er dei klare på at konkurransesituasjonen for lokale butikkar, særleg på mindre stader, er knalltøff.

– No står varehandelen midt i det som kanskje er den største omstillinga gjennom tidene, seier Harald Andersen, direktør i Virke Handel.

Nettbutikkar er hovudkonkurrenten.

– Ein går frå ein situasjon der konkurrenten har vore på andre sida av gata. Men no er det blitt globalt. Konkurrenten er på andre sida av kloden i staden, seier han.

– Må tilpasse seg

Og situasjonen er komen for å bli, meiner han. At prisbiletet er blitt transparent er den viktigaste faktoren.

– Då må ein vere konkurransedyktig på pris, og ein må gjere det enkelt for kunden å handle der.

– Er det plass til dei lokale småbedriftene?

– Eg trur det er plass til dei aktørane som klarer å tilpasse seg til ei framtid der handelen er digital, samtidig som dei klarer å spele på dei lokale fortrinna dei har, seier Andersen.

Stine Baumann har fått god respons også frå handelsnæringa i Høyanger.

– Dei eg har snakka med har vore glad for dette og trur at det kan bidra positivt til lokal handel.