Hopp til innhold

– Folk i Sogn og Fjordane kan for lite om kunst

Skulptør Stig Eikaas meiner fylket har mange store kunstnarar, men at kunnskapsnivået til folk flest er alt for dårleg. No tek han til orde for ein nettportal som presenterer kunstnarar frå fylket.

Stig Eikaas

Stig Eikaas meiner fylket treng ein nettportal som presenterer kunstnarar frå fylket.

Foto: NRK

Nyleg lanserte fylkesbiblioteket ein nettportal som presenterer og gir ei oversikt over forfattarar frå fylket. Skulptør, Stig Eikaas, meiner behovet er endå større når det gjeld folkeopplysning innan kunstnarar frå fylket.

– Eg har snakka med ein del skuleelevar og dei kan jo absolutt ingenting om kunstnarar frå heimfylket sitt. Så skulen må ta ansvar. Det må også de journalistar gjere. Og ikkje minst kunstmuseet i Førde.

Ikkje aktuelt for Fylkesbiblioteket

SIRI INGVALDSEN

Siri Ingvaldsen, direktør fylkesbiblioteket Sogn og Fjordane

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Stig Eikaas er inspirert av den nye nettportalen til fylkesbiblioteket og meiner nokon bør ta ansvar for å lage ei liknande oversikt over kunstnarar frå fylket.

Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen synest det er ein god ide med ein slik portal for kunstnarar, men vil ikkje ta ansvar for å lage den.

– Vi jobbar først og fremst med litteratur og litteraturformidling og konsentrere oss derfor først og fremst om forfattarane, seier Ingvaldsen.

Synes kunstmuseet i Førde gjer for lite

Eikaas meiner spesielt kunstmuseet i Førde bør ta meir ansvar for å auke kunnskapsnivået til folk når det gjeld kunst og kunstnarar.

–Dei må kome seg ut der folk er og engasjere seg. Slik det er no så sit dei stille og gjer alt for lite ut av seg, seier Eikaas engasjert.

Formidlingsleiar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Stein Sandemose Bårdsen, er einig i at kunnskapsnivået om kunst er lågt, men meiner at det ikkje er spesielt for Sogn og Fjordane.

– Kunnskapsnivået er nok lågt, men eg meier det gjeld over det ganske land og ikkje berre her i fylket. Ungdom veit til dømes mykje meir om engelske fotballspelarar enn dei veit om kunst, seier Bårdsen.

Stein Bårdsen Sandemose

Formidlingsleiar ved Sogn og Fjordane kunstmuseum, Stein Sandemosen Bårdsen, meiner det er viktigare å gi folk opplevingar enn å banke inn kunnskap.

Foto: Even Lusæter / NRK

Vil heller gi oppleving enn kunnskap

Samtidig meiner Bårdsen at det å skulle få opp kunnskapsnivået vil vere å byrje i feil ende.

– Vi har mange skuleklasser på besøk her. Eg synest det er viktigare å gi dei opplevingar enn å banke inn kunnskap, forklarar Bårdsen.

Han er einig i at ein nettoportal som presenterer kunstnarar i fylket manglar, men har ingen konkrete planar om å setje i gong med eit slikt prosjekt.

– Eg er nok ganske usikker på kva form ein slik portal burde hatt, seier han.

Der har, på den andre sida, Stig Eikaas klare idear.

– Eg meiner at informasjon om kunstnarar på ein pedagogisk og lettforståeleg måte vil vere veldig nyttig for innbyggjarane i fylket, seier han entusiastisk.