Hopp til innhold

Folk grein då dei las historia hans

Bjarte Øygard fortel at tilbakemeldingane har vore udelt positive etter at han fortalde i media at Nav klaga på at han la ut turbilete av seg sjølv på Facebook.

Bjarte Øygard i samtale med journalisten

ENGASJERT: Bjarte Øygard har lenge vore oppteken av at sjukemelde og uføretrygda bør oppmodast om å vere mest mogleg aktive i samfunnet, også medan dei ikkje er i jobb.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Laurdag kunne NRK fortelje historia til Øygard, og responsen lét ikkje vente på seg.

Blant dei over 500 kommentarane til Øygard sitt innlegg på hans opne Facebook-profil, er det mange kjensleladde innspel.

Somme fortel at dei grein medan dei las, eller at dei sjølve for fyrste gong no har fått styrke til å setje ord på kva for skam dei har kjent på i samband med helsetilstanden sin.

– Følte at ho burde hatt med krykkjer ut for å ikkje verte mistrudd

– Ei dame fortalde på veggen min at ho pla gå turar i fjell, skog og mark som ein del av sin rehabiliteringsprosess. Ho la ut flotte bilete frå fjellturane på Facebook, men fekk då kommentarar på at ho såg so frisk ut at det kanskje var på tide å kome seg i arbeid att.

Etter det gjekk ho mindre ut. Ho kvidde seg med å gå på butikken, og følte at ho burde hatt med seg krykkjer eller ein stav ut slik at folk ikkje skulle mistru ho.

Det er mange som har ting dei slit med, både fysisk og psykisk, som ikkje er mogleg for folk å sjå, seier Øygard, som legg til at dei såraste forteljingane frå folk har kome til han i den private innboksen. Han fortel berre vidare dei innspela som har kome til han på veggen.

facebook nav

BILETET SOM STARTA DET HEILE: Ein kollega tolka dette biletet, korrekt, som at Bjarte Øygard stod på ski, og uttrykte overfor Nav at det kanskje ikkje var bra. Nav ringde deretter til Øygard og sa at han må tenkje over kva for bilete han legg ut.

Foto: Skjermdump Facebook

– Såg sitt snitt til å ta eit oppgjer med vrangførestillingar

Gjennom ein tidlegare jobb i ei attføringsverksemd har Øygard vore vitne til at mange sjukemelde og uføre har skamma seg over at dei ikkje har kunne ta del i arbeidslivet, og at dei vart redde for å syne seg i det offentlege livet.

So då Nav ringde meg og bad meg som sjukemeld om å vere varsam med å leggje ut skibilete, vart eg litt irritert, og eg sa ifrå til sakshandsamaren min om at dette ikkje var greitt, og at eg ville skrive ein offentleg respons.

Nav sjølve er klare på at dei ynskjer at sjukemelde og andre uføre som står utanfor arbeidslivet bør leve so aktive liv som råd, ettersom det er til gagn både for mental og fysisk helse.

Men likevel ottast dei då eg la ut biletet av meg sjølv på ski, for dei frykta kva folk flest kom til å tenkje. Difor tenkte eg at det er turvande å ta eit oppgjer med desse vrangførestillingane som er so utbreidde, om at sjukemelde lyt halde seg innomhus.