Kraftig vind blåste nattbussane i autovernet

– Bussen gynga i dei verste vindkulene, fortel passasjer Stig Oldeide.

Nattbussane frå Oslo til Måløy og Ulsteinvik blåste i autovernet på Strynefjellet.

KRAFTIG VIND: Nattbussane frå Oslo til Måløy og Ulsteinvik blåste fredag morgon i autovernet på Strynefjellet.

Foto: Stig Oldeide

Oldeide er passasjer på nattbussen frå Oslo til Måløy. Då bussen skulle over Strynefjellet vart dei stogga av kraftig vind ved avkøyrsla til Geiranger.

Det same skjedde med nattbussen som skulle til Ulsteinvik.

– Bussen flytta seg på vegen, og glei til sides. Det var mørkt og snøfokk, så bussane kom seg ikkje noko veg, seier Oldeide.

– Mange stengde overgangar

Like før vinden tok tak i bussane vart fjellovergangen stengd, både på grunn av kraftig vind og eit vogntog som trengde berging. Vogntoget kom seg vidare for eiga maskin, men fjellovergangen er ein av mange fjellovergangar i Sør-Noreg som er stengde på grunn av vind.

Oldeide opplevde situasjonen som udramatisk. Bussen han er passasjer i, var halvfull.

– Situasjonen er heilt grei. Det var ikkje panikkstemning blant passasjerane. Det er roleg og avbalansert, og folk slumrar og halvsøv, seier han.

Berga inn i tunnel

Like før klokka 07 var bussen berga inn i Oppljostunnelen, og entreprenøren starta arbeidet med å berge også den andre bussen.

– I løpet av ein halvtime reknar vi med at også denne har kome seg vidare, får NRK.no opplyst ved Vegtrafikksentralen i Oslo.

Men fredag morgon er det mykje vind og snøfokk på fjellovergangane, stadfestar Nina Heggernes ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

– Det er ikkje veldig mykje som er ope gitt. Det er ein del stengingar, seier ho.

Alle fjellovergangar stengde

Filefjell var lenge den einaste heilt opne fjellovergang mellom Aust- og Vestlandet. Klokka 10 blei det stengd også her.

Riksveg 7 over Hardangervidda

STENGT: Riksveg 7 over Hardangervidda er stengd, og blir ikkje opna att i dag.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Riksveg 7 over Hardangervidda blir ikkje opna i dag

Kva følgjer vinden får for fjellovergangane utover dagen er uvisst. Men gult varsel om nedbør og vindkast opp mot 35 sekundmeter lovar ikkje bra for dei som skal ut å reise.

– Det snur fort i fjellet, så det er vanskeleg å spå noko, men skal ein over fjellet så må ein vere budd på venting, seier Heggernes.

Det beste rådet ho kan gi, er å bu seg på å bruke tid - og å følgje med både på yr.no og 175.no.

– Der kan det vere lurt å følgje med, seier Heggernes.

Fjellovergangar i Sør-Noreg (oppdatert laurdag klokka 17.00):

  • E16 Filefjell: Opna for trafikk.
  • E134 Haukelifjell: Kolonne
  • Rv 7 Hardangervidda: Kolonne
  • Rv 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering måndag kl. 12.
  • Rv 15 Strynefjellet: Opna for trafikk.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Opna for trafikk.
  • Fv 50 Hol – Aurland: Opna for trafikk.
  • Fv 53 Årdal–Tyin: Opna for trafikk.