Hopp til innhold

Kraftig prisauke på Sognebåten: – Føler meg svikta av mitt eige parti

For å jamne ut prisskilnaden mellom hurtigbåten til Bergen frå Sogn og Nordfjord, vil Sognebåten få ei kraftig prisauke innan to år. Ordførarane langs Sognefjorden er rasande.

Harald Offerdal

SKUFFA: Harald N. Offerdal (Ap) er ordførar i Balestrand, og kallar dei nye takstane på Sognebåten for «ei sniknedlegging av Sognebåten».

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er veldig skuffa over mitt eige parti. Det var Arbeidarpartiet og Senterpartiet som fremja forslaget og Ap har ikkje tatt kontakt med oss som er Ap-ordførarar langs Sognefjorden. Eg føler meg svikta av mitt eige parti, seier ordførar Harald N. Offerdal (Ap) i Balestrand.

På fredag fekk dei presentert dei nye takstane for hurtigbåtane til Bergen. Prisskilnaden har vore stor, avhengig av om ein har tatt Nordfjord-båten frå Selje eller Sognebåten frå Sogndal.

Med det nye forslaget vil Sognebåten bli opp mot 25 prosent dyrare om to år, medan båten frå Nordfjord vil bli litt rimelegare.

Rekna i luftlinje

No kostar ei tur frå Selje til Bergen 940 kroner, medan billettprisen frå Sogndal er 705 kroner, trass i at det berre skil 15 minutt i reisetid på rutene.

Årsaka heng att frå 1990-talet, då det vart bestemt at prisen på ruta frå Sogn skulle reknast i luftlinje og ikkje nautiske mil for å kunne den konkurrera med andre transportmiddel, som til dømes buss.

Tidlegare i år melde hovudutvalet for samferdsle at dei skulle sjå på saka for å få ein meir rettferdig pris, og løysinga vart å skru prisen kraftig opp i Sogn og litt ned i Nordjord.

– Prisauken er for drastisk. I Balestrand får vi ei prisauke på 16 prosent og i praksis er dette ei sniknedlegging av Sognebåten, som er viktig for både reiselivet og innbyggjarane langs fjorden, seier Offerdal.

Som tabellen under viser vert det dyrare jo lengre ut i Sognefjorden ein kjem med dei nye takstane, men også lengst inne vert det dyrare.

– Auke er så stor at den vil få ei ganske stor avvisingseffekt. Det motsette av det vi jobbar med, seier Jarle Aarvoll, Ap-ordførar i Sogndal.

Sognebåten – ny og gammal takst

Dagens takst mot framtidig takst

Reiser til/frå Bergen

Gamal takst

Ny takst

Takst-endring i kr

Takst-endring i %

Lavik

425

535

110

26.0%

Nordeide

465

580

115

25.0%

Vik

560

665

105

19.0%

Balestrand

600

695

95

16.0%

Leikanger

640

740

100

16.0%

Sogndal

705

785

80

11.0%

Aurland

805

830

25

3.0%

Flåm

820

840

20

2.0%

Jarle Aarvoll og Harald Offerdal

SKUFFA: Både Ap-ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (t.v.), og Ap-ordførar i Balestrand, Harald N. Offerdal er lite nøgd med dei nye takstane på Sognebåten som trer i kraft om to år. Nokre stadar vert prisen over 100 kroner dyrare enn i dag – kvar veg.

Foto: Montasje: Vidar Gudvangen/Noralf Pedersen / NRK

To mot sju

Noralv Distad i Gudvangen

Noralv Distad, leiar i samferdsleutvalet.

Foto: NRK

Då hovudutvalet for samferdsle stemte over prisjusteringa var det sju som stemte for skru opp prisen kraftig. To stemte for å heller auke med tre prosent årleg, utover vanleg prisvekst.

– Eg stemte nei, fordi eg meiner det vert for drastisk med ei så stor auke, men fleirtalet ville gå rett på sak, seier Noralv Distad (H) som er leiar i utvalet.

Helen Hjertaas sitt i samferdsleutvalet for Arbeidarpartiet og seier dette om kritikken frå Ap-ordførarane langs Sognefjorden.

– Eg forstår denne frustrasjonen godt. Og det er nettopp denne frustrasjonen folk i Nordfjord og nord for Sognefjorden har kjent på i fleire år. Vi som politikarar må sjå heilskapen og prøve å få til rettferdige ordningar for alle innbyggjarane. For oss i Arbeidarpartiet er likebehandling i ei viktig sak, seier Hjertaas.

Skjermdump, takst Nordfjordruta

Slik vil dei nye takstane bli frå Nordfjord til Bergen.