– Født med volleyballgen

22-åringen Anders Mol frå Fusa gjer det svært bra i sandvolleyball-VM saman med makkeren sin. I ettermiddag har dei utklassa Italia i kvartfinalen. Mol er halvt sunnfjording, og er sonen til Merita Berntsen Mol frå Naustdal som tidlegare har vore aktiv volleyballspelar. – Alle i Berntsen-familien spelar volleyball, så dette har han hatt med seg sidan han blei fødd, seier ho på telefon frå Tyskland der meisterskapen blir arrangert. No gler ho seg til semifinalen mot vertsnasjonen seinare i kveld.