Hopp til innhold

– Flyplassinnstillinga viktig for næringslivet

– Det var eit svært viktig signal, næringslivet i Fjaler er svært avhengige av Førde lufthamn Bringeland, seier ordførar Arve Helle.

Arve Helle

TRENG FLYPLASSEN: Ordførar i Fjaler, Arve Helle (Ap).

Foto: Montasje: Johan Moen/ Karl Kristian Langeland / NRK

Mange hadde gått rundt og vore svært spente på kva Avinor kom til å legge fram i dag. Og det var knytt særleg spenning til kva som kunne skje med nærflyplassen til Helle, Førde lufthamn Bringeland, og Sandane lufthamn Anda. Begge var tidlegare utpeika som dei som kunne henge i tunn tråd.

– Det blir ein veldig spennande dag. Vi håpar at dei vel å bevare Sandane lufthamn saman med dei tre andre luthamnene i fylket, sa Ingvill Hestenes, som er dagleg leiar i Melin Medical på Sandane før innstillinga frå Avinor kom i onsdag.

Selskapet leverer betalingsautomatar til helsevesenet, og har hovudkontor på Sandane i Nordfjord. Herfrå er det 10 minutt til nærmaste flyplass i dag, nettopp det var ei viktig årsak til at bedrifta med 60 tilsette plasserte hovudkontoret sitt i Gloppen.

Onsdag ettermiddag blei det klart at Avinor fredar flyplassane i fire år framover.

Stor ressurs

I Fjaler, heimkommunen til Helle, held programvareverksemda Enoro til. Dei har kring 40 flyreiser i veka og for dei er flyplassen på Bringeland heilt avgjerande.

Jan Heggheim

VIKTIG FOR NÆRINGSLIVET: Jan Heggheim, som er fylkesdirektør for næring,

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Vi har ein god ressurs i dei fire flyplassane vi har, og næringslivet i Sogn og Fjordane har store nok konkurranseulemper frå før om vi ikkje skulle miste flyplassar også, seier Jan Heggheim, som er fylkesdirektør for næring.

– Eg må tilstå at når det gjeld den diskusjonen som har gått, så har eg vore ekstra uroa for sør- og vestsida av Bringeland. Altså Fjaler der Arve Helle kjem frå og deler av Nordfjord, og eg tykkjer det er svært bra at det som har kome fram no, og at vi får arbeidsro i fire år tid framover, seier Heggheim.

Spente på kva som kjem av innsparingar

–Vi er godt nøgde med dette, men litt avventande til kva som ligg i innsparingane som det er snakk om, seier Helle.

Eit syn som også førdeordførar Olve Grotle deler.

– Eg opplever vel at vi har nådd fram med den argumentasjonen som vi har overfor Avinor, nemleg at det vil bli for store ulemper for samfunnet og passasjerane dersom flyplassen skulle forsvinne.

– No er flyplassane freda i fire år, ser du føre deg at det vil kome nye trugsmål?

Olve Grotle

LETTA MEN AVVENTANDE: Ordførar i Førde, Olve Grotle (H)

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er ikkje heilt dagen i dag for å sjå fire år fram, vi må i alle fall ikkje sjå negativt på det. No skal vi vere glade for at vi i denne omgang får behalde flyplassane våre. Avinor har sagt at konsekvensane blir for ved å legge ned. Det er vi samde i.