NRK Meny
Normal

– Foreldra engasjerer seg i skulegangen

Mange barn i flyktningfamiliar har mista store delar av skulegangen på grunn av krig og flukt. I ein ny doktorgrad har Kari Bergset sett på korleis flyktningforeldre bidreg når barna må ta att det tapte på eit heilt nytt språk.

Kari Bergset og Mohamed Abdi Sheikh

STORT ENGASJEMENT: Kari Bergset har fått besøk av somaliske Mohamed Abdi Sheikh i heimen sin på Nordfjordeid. Som flyktningforelder har han engasjert seg stort i barna si utdanning, og stadfestar med det mykje av forskinga til Bergset.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

– Eg måtte spørje kvar dag kva dei hadde lært, og eg måtte forklare, les doktorgradsstipendiat Kari Bergset.

Kari Bergset

FORELDRESKAP I EKSIL: Kari Bergset jobbar med ein doktorgrad, og seier mange av foreldra ho har intervjua fortel om eit omfattande bidrag til barna sin skule- og leksesituasjon.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Utdraget er frå ein artikkel i doktorgraden hennar. I den skriv Nordfjord-kvinna om foreldreskap i eksil, og forskar på kva erfaringar flyktningeforeldre har med å vere foreldre i eit nytt land.

Ho har intervjua tidlegare flyktningar som er busette i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og som har budd der i ti år.

– Barna sin skulegang var eit veldig sentralt tema. Både i det dei fortalde om dei ti åra dei har vore mor og far i Norge, og også når dei fortel om kva dei brukar energi på i det daglege no.

– Leksehjelp og motivasjon

Mange barn i flyktningfamiliar har store hol i utdanninga si. Når dei kjem til Norge skal dei ta att det tapte, og det på eit språk som er heilt nytt for både barn og foreldre.

Bergset seier også mykje tidlegare forsking viser at flyktningforeldre er svært opptekne av barna si utdanning.

– Men mykje tidlegare forsking legg også vekt på at flyktningforeldre er mindre involvert i barna sin skulegang og i samarbeid med skulen enn majoritetsforeldre.

Dette samsvarar ikkje med det ho har kome fram til.

– Mange fortel om veldig omfattande bidrag til barna sin skule- og leksesituasjon. Både i form av samarbeid med skule, leksehjelp og motivasjon til å ta skulen alvorleg, seier Bergset.

Meiner metode gir andre svar

Mohamed Abdi Sheikh

VIKTIG: Mohamed Abdi Sheikh meiner flyktningforeldre må vere svært bevisste på sitt ansvar for barna sin skulegang: - – Det er viktig at foreldre engasjerer seg og følgjer med på informasjonen frå skulen, og at dei følgjer med at barna lærer.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Heime på Nordfjordeid får ho ofte besøk av flyktningar. Blant dei er Mohamed Abdi Sheikh. Han kom frå Somalia i 2005, og har budd på Nordfjordeid sidan. Han har seks barn og har jobba fem år som morsmålslærar og tospråkleg assistent både på barne- og ungdomstrinnet.

Sheikh kjenner seg igjen i mange av funna til Bergset om at engasjementet for skulen skjer i uformelle samanhengar. Sjølv har han i mange år fått besøk av barn i andre somaliske familiar for å gjere lekser heime hos han.

Kva metode ein bruker kan vere med og forklare kvifor ikkje denne uformelle kontakten har kome fram i tidlegare forsking, meiner Bergset.

– Om du spør ut frå bestemte kategoriar, som til dømes går du på foreldremøte eller går du på foreldresamtalar, så vil ein del av engasjementet frå foreldra bli usynleg. I mi forsking har foreldre fått fortelje om det dei er opptekne av, og då kjem det fram andre historier enn når ein spør spesifikt.