– Dette er å snu saka fullstendig på hovudet i forhold til kva regjeringa seier heilt klart i meldinga, seier ministeren.
Frykt for utflytting
Frykta for at arbeidsplassar og kompetanse skulle bli flytta frå Florø har vore stor etter at oljemeldinga vart lagd fram. I går var fylkesordføraren og ordføraren i Flora i møte med energikomiteen for å få ei sterkare presisering av konsesjonsvilkåra.
Kritikk
Både politikarar og fagfolk har kritisert regjeringa fordi dei meiner meldinga utholar konsesjonsvilkåra og fører til at Statoil flyttar arbeidsplassar.
Ministeren meiner dei ikkje har sett seg godt nok inn i saka, og seier det er svært viktig for regjeringa at basane langs norskekysten blir oppretthaldne.