Hopp til innhold

– Fleire burde ha sikra straumprisen

Mykje snø og sein smelting har ført til høg vassføring som igjen har ført til ekstremt låge straumprisar i sommar. I juli var prisen heilt nede i 3 øre per kilowattime.

Rune Nydal kraft

IKKJE OVERRASKA: Rune Nydal i Småkraftforeininga seier dei låge straumprisane ikkje kom som ei overrasking.

Foto: Geir Helge Johnsen/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det seier Rune Nydal som er leiar for Småkraftforeininga i Sogn og Fjordane.

– Dei har vore særdeles låge på storparten av sommar i høve til det dei pleier å vere, men det var ikkje særleg overraskande når ein veit kor mykje snø det var i vinter. Det minner ganske mykje om 2012. Då var det også mykje snø, seier Nydal.

– Må ta lærdom

Og sjølv om dei store snømengdene har smelta seint har dei likevel lege der og pressa straumprisen ned. Dei kraftprodusentane som ikkje har vore føre var får no ein ekstra tøff sommar, for med høg produksjon blir det låge prisar.

– Dersom ein følgjer så var det rimeleg klart at dette kom til å bli eit år med mykje produksjon og dårleg pris, og det stemmer jo.

Nydal meiner kraftprodusentane som no tapar mykje pengar må ta lærdom.

– I januar-februar kunne du prissikre deg og få 20 øre eller noko slikt for sommarproduksjonen. Dei som gjorde det gjorde noko smart, og dei som ikkje gjort det gjorde noko dumt. Skal du produsere kraft må du følgje med på kraftmarknaden og snøhøva heile tida for å handle før ein hamnar i ein slik situasjon, seier han.

Dekkjer så vidt rente og avdrag

Småkraftpioneren trur likevel at mange allereie har lært denne leksa, men for dei som ikkje har gjort det kan det bli dyrt.

– Om prisen ligg på sju øre per kilowattime så dekker det kanskje rente og avdrag, men det blir ikkje noko meir enn det. Og har du mykje gjeld så dekkjer du ikkje det.

– Risikerer nokon å hamne i økonomisk uføre?

– Det kan fort bli slik at du må snakke med banken din, for med eit kraftverk så er største kostnad rente og avdrag, og dei tinga går jamt og trutt uansett.

– Kan få negativ pris

Prisen i dag er på fem øre per kilowattime, men i juli var den heilt nede i tre øre. Nydal seier prisen i teorien kan bli negativ.

– I Danmark har det vore negative prisar på natt somme tider, altså at du må betale for å produsere. Det har ikkje vore i Norge, men det er ikkje umogleg at det kan bli det ein gong, seier han.