Hopp til innhold

NVE vedgår: Det var ikkje godt nok varsla

– I ettertid ser vi at faren for flaum ikkje var godt nok varsla. Det burde vore raudt også andre stader enn i Hordaland, vedgår sjefingeniør Inge Lavoll i NVE.

Flaum i Flåm i Aurland

VATNET OVERRASKA: NVE vedgår å ha undervurdert fylgjene av dei store nedbørsmengdene.

Foto: Per Olav Bøe

Medan flaum- og rasvarslingstenesta varsla høgste nivå (raudt) for Hordaland, vart faren for tilsvarande i Sogn og Fjordane vurdert på nivået under (oransje).

Sjefingeniør Inge Lavoll i NVE vedgår at fylgjene av dei store nedbørsmengdene ikkje vart varsla godt nok.

– Det er eit vesentleg spørsmål som også er stilt frå NVE sentralt i Oslo. Varselet går ut basert på nedbørsvarsel og det vi elles veit om fuktigheit i bakken, og mengda av vatn i elvane, seier Lavoll til NRK.no.

Meteorologane trefte bra

For slik det ser ut så langt trefte meteorologane temmeleg bra i sine prognosar over kor mykje nedbør det skulle kome.

– Det har kome mykje nedbør siste døgnet. Men hovudproblemet er at det har kome mykje nedbør fleire dagar på rad. Vi sende ut obs-varsel tysdag om at det kunne kome opp i 110 til 130 millimeter nedbør komande døgn lokalt. No viser det seg at Takle i Gulen fekk 129,4 millimeter, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

Langt ifrå nedbørsrekord i indre Sogn

Kollegaen hennar, Geir Ottar Fagerlid, konstaterer at det var langt frå å bli sett nedbørsrekord i indre Sogn. I Lærdal, der det er offisiell målestasjon, fall det frå tysdag morgon til onsdag morgon 8,2 millimeter nedbør. Døgnet før fall det 14,1 millimeter nedbør.

– Desse nedbørsmengdene er langt ifrå ekstreme. Heller ikkje i Aurland har nedbørsmengdene vore ekstreme. Det er difor andre forhold enn berre nedbør ein må bruke for å forklare kvifor elvane i Lærdal og Flåm har vorte så store.

Snøsmelting

– Korleis forklarer du då dette?
– Vi går for det første ut frå at det har falle meir nedbør i fjellet enn i låglandet. I tillegg har bakken vore veldig metta av vatn. Vi har også hatt snøsmelting. I tillegg har det over lengre tid kome mykje nedbør. Det er med andre ord mange faktorar som har spelt inn, seier Fagerlid.

Rekordmengder i Stryn og Førde

Ved målestasjonen i Stryn og Førde var det imidlertid nedbørsrekordar.

Frå klokka 18 måndag kveld til 18 tysdag kveld, fall det 115 millimeter nedbør i Førde. Den tidlegare rekorden er frå 27. oktober 1995, då det fall 102 millimeter nedbør. I Stryn fall det 82 millimeter nedbør i tidsrommet frå 18 måndag kveld til 18 tysdag kveld. Den tidlegare rekorden vart sett 7. oktober 2011, då det fall 49 millimeter nedbør.

Ikkje offisielle rekordar

Fagerlid fortel imidlertid at rekordane frå Styn og Førde ikkje blir rekna som offisielle rekordar. For å kunne reknast som offisiell rekord må nedbørsmengdene målast frå tidleg på morgonen til morgonen etter.

På målestasjonen i Takle i Gulen kom det 129,4 millimeter regn mellom klokka 18 måndag kveld og 18 tysdag kveld. Det er langt under rekorden frå 27. oktober i 1995, då det fall 184,6 millimeter.

Meteorologane melde rett

Anne Solveig Andersen meiner Meteorologisk Institutt trefte bra med meldingane sine.


– I høve til det vi varsla så trefte vi stort sett bra. Hovudårska til at flaumen vart så dramatisk er at det har kome mykje nedbør fleire dagar på rad, seier Andersen.

Førebels manglar det tal for alle målestasjonane i Sogn og Fjordane.

Bil sprutar vatn

MEIR VATN ENN VENTA: Mange fekk utfordringar med å kome seg fram.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vil ta lang tid å få oversikt

– Vi har gjort det vi kan, men det er ikkje alltid at naturen oppfører seg slik som ein trur. Det var tilfelle no, seier Inge Lavoll.

For flaumstore elvar i Sunnfjord, Nordfjord og Indre Sogn har gjort skade. Stor skade. Både på vegar og på elvebreiddene.

– Skadane langs elvane vil ta noko lenger tid å få oversikt over. Dei er etter det vi forstår omfattande. Det blir eit stort arbeid å få reparert det, seier Lavoll.

Framleis rasfare

I Aurland er to personar på veg opp i Flåmsdalen for å sjå til demninga som i natt stod i fare for å brase. Dette ville ført til ein langt større oversvømmelse i Flåm.

– Det ligg ei steinfylling på tvers over elva. Oppå den går Flåmsbana, medan det under er opning for at vatnet skal passere. Dette tetta seg i natt. Det var ein ømtåeleg situasjon, men den står framleis, seier han om situasjonen.

Kring 200 personar i Aurland, Årdal og Lærdal vart evakuerte. Og framleis vil rasfaren vere der.

– Det meste er over, men det kan framleis komme jordskred. Spesielt i område med bergartar av fyllitt. Dei inneheld mykje vatn, seier Lavoll.

Historisk hending

Situasjonen har onsdag morgon roa seg. Nedbøren har avteke og temperaturen er blitt lågare. Snøgrensa er venta å krype ned på 400 meter utover dagen, seier Anne Solveig Andersen.

– No har det heldigvis roa seg. Det var verst frå måndag kveld til tysdag kveld. Natt til onsdag gjekk det over til byer. Også i tida som kjem blir det byer, med tordevêr i enkelte av byene. Det kan difor kome ein god del nedbør akkurat der bygene treff, men ikkje på same måte som tidlegare, seier ho.

– Det vil bli mindre vatn i elvane framover. Dei mindre elvane vil raskare miste vatnet, medan dei større treng noko lenger tid for å kome ned på normalen, seier sjefingeniør Inge Lavoll i NVE.

I Hordaland er det over 100 år sidan elvane har hatt så høg vassføring. Jølstravatnet har ikkje stått høgare på 97 år. Fleire av dei NRK har snakka med, skildrar tilstandar dei aldri før har sett.

– Ein kan karakterisere det som ei historisk hending når det er hundre år og kanskje meir enkelte stader. Det er ei eingongshending for oss som lever i dag, håpar eg, avsluttar han.