Normal

– Flaks avverga cruiseskiphavari

– Det kunne ha blitt ei veldig stor hending. Vi var heldige med tid og stad når dette først skulle skje, seier losane som var om bord då cruiseskipet «Oriana» miste maskinkraft, styring og lys i Sognefjorden laurdag kveld.

Cruiseskipet Oriana

TIL KAI I FLÅM: «Oriana» på veg mot kai i Flåm laurdag morgon. På veg utatt om kvelden miste skipet styring, lys og framdrift.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi hadde berre naudbatteri som straumkjelde, seier los Frank-Roy Moltu i ei pressemelding frå Kystverket. Saman med Kjell Inge Telle var Moltu los om bord.

«Oriana» hadde vore i Flåm og var på veg utatt Sognefjorden då skipet fekk såkalla blackout klokka 20.10. Då nærma skipet seg Sæleneset i Balestrand kommune. Om bord var det 2695 personar.

I byrjinga fungerte roret, og losane heldt fram med kursen utover midtfjords, skriv maritime.no.

Laster kart, vennligst vent...

VEST FOR FERJESAMBAND: «Oriana» hadde nett passert området der ferjene mellom Hella og Vangsnes kryssar fjorden og nærma seg Sæleneset då det fekk blackout.

Miste styringa

Men då farten kom under fem knop greidde dei ikkje å styre lenger, og sjølv om roret stod hardt babord fekk skipet ein svak sving mot styrbord, altså mot Sæleneset.

Då avstanden til Sæleneset var rundt 900 meter fekk maskinfolket i gang ein generator. Dermed kunne dei bakke skipet, og det var nok til å stanse farten mot neset. Då hadde det gått 15 minutt sidan alt maskineriet stansa.

Etter kvart kunne dei køyre opp heile maskineriet, og «Oriana» heldt fram turen ut Sognefjorden utan fleire hendingar.

Cruiseskipet Oriana på veg inn Aurlandsfjorden

HELDIGE MED TID OG STAD: Losane var glade for at uhellet var ute midt ute i Sognefjorden og ikkje som her, i den trongare Aurlandsfjorden.

Foto: Jan Christian Jerving

– Utruleg alvorleg

Leiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund har i fleire år vore oppteken av tryggleiken når store cruiseskip trafikkerer tronge norske fjordar og farvatn, og han meiner hendinga med «Oriana» bør vere ein vekkar.

– Dette er utruleg alvorleg, ei ulukke med cruiseskip er noko vi har frykta i fleire år. Eit cruiseskip er eigentleg ei stor blokk som seglar på den smalaste biten. Kjem det borti eit skjer som riv opp delar av sida så har dei fleste skipa ikkje langsgåande undervasskott.

Kurt Oddekalv

FRYKTAR ULUKKER: Leiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

– Dermed vil alt vatnet renne over på andre sida, og då får skipet veldig lett slagside og tippar rett og slett rundt. Og då er halvparten av livbåtane og flåtane under vatn, den andre halvparten ligg oppå og kan heller ikkje lårast, seier Oddekalv.

– Får ikkje trosser om bord

Han meiner det var rein flaks at «Oriana» fekk blackouten i stille, fint ver, og at det skjedde inne i Sognefjorden.

– Og så er det ein ting til. Du får ikkje trosser om bord i eit cruiseskip fordi det er så høgt opp. Dermed kan det bli veldig vanskeleg å ta dei under slep.

I januar 2012 omkom 32 menneske då det italienske cruiseskipet «Costa Concordia» havarerte utanfor øya Giglio. Oddekalv meiner den ulukka viser at slike skip ikkje går ned med botnen først.

– Dei rullar rundt, og då er folk fortapt.

«Costa Concordia» fotografert frå lufta av det italienske luftforsvaret.

GJEKK RUNDT: Det italienske cruiseskipet «Costa Concordia» havarerte ved øya Giglio i 2012.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Årsaka til blackouten på «Oriana» var brot i drivstofftilførselen, og dette gjorde at generatoren stoppa, det same gjorde opphengspumpene til hovudmaskineriet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune