NRK Meny
Normal

– Rein flaks at ikkje mange omkom i brannen

Brannmeisteren i Lærdal prisar seg lukkeleg for at ikkje liv gjekk tapt i storbrannen. – Hadde brannen starta etter at folk hadde sovna, ville det vorte ein kjempekatastrofe med mange omkome.

Brannmeister Guttorm Gullaksen om storbrannen i Lærdal

KUNNE GÅTT VERRE: Brannmeister Guttorm Gullaksen prisar seg lukkeleg for at det gjekk så bra som det gjekk.

Foto: Bård Siem/Øystein Venås Sørensen

Brannmeister Guttorm Gullaksen i Lærdal fekk sjølv føle storbrannen på kroppen natt til søndag.

Den dramatiske brannen starta i 23-tida laurdag kveld, og spreidde seg uhyre raskt. Gullaksen prisar seg lukkeleg over at brannen ikkje starta seinare.

– Det ville vorte heilt forferdeleg med mange omkomne om brannen hadde starta seinare, seier han.

– Kvifor det?

– Då hadde brannmannskapa og alle andre sove. Situasjonen ville ført til at brannen hadde vorte oppdaga så seint at mange ikkje ville ha kome seg ut. Brannmannskapa ville ha kome seinare på staden, noko som også ville vorte katastrofalt, seier Gullaksen.

Innlagd på sjukehus

NRK møtte måndag den røynde brannmannen i sjukehusklede på medisinsk avdeling på Førde sentralsjukehus.

Gullaksen vart utsett for den kraftige røyken som var ført i alle retningar i kulingbygene laurdag kveld.

– No føler eg meg i bra form og hadde håpa å sleppe ut av sjukehuset. Men dei fann noko i lungene mine, så eg må halde meg her ei stund til, sukkar Gullaksen.

(Artikkelen held fram under)

Ruinar etter storbrannen i Lærdal.

SPREIDDE SEG RASKT: Brannen spreidde seg uhyre raskt, og brannmeisteren meiner det var svært nære på at heile bygda kunne brunne ned.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Svært nære at heile bygda brann ned

På grunn av vêrfenomenet med kastevindar spreidde brannen i Lærdal seg svært raskt. Brannmennene som kjempa mot flammane har fortalt til NRK.no at dei vart hjelpelause vitne til at hus 200 meter unna plutseleg stod i fyr.

Brannmeister Gullaksen meiner det var veldig nære at brannen spreidde seg til heile busetnaden på Lærdalsøyri.

– Vi får prøve å tenkje på alle husa vi berga i staden for å vere fortvilte over dei som gjekk med i brannen, seier han.

– Kor nær var det at brannen spreidde seg til heile busetnaden i bygda?

– På ein skala frå ein til ti så var det ni. Eitt vindkast med ei glo hadde vore nok. Det er heilt ufatteleg at vi greidde å stoppe det. Skulle nesten tru vi hadde hjelp av høgare makter, seier han.

Brukte brannhemmande skum

Men brannmennene fekk til slutt kontroll på flammane. Gullaksen seier det var mange viktige faktorar som bidrog til at dei ut på søndagen fekk temma flammane.

– Flyplassbrannbilen med kanonar på taket spruta brannhemmande skum på fleire hus. Dermed byrja ikkje desse å brenne.

– På andre sida stod Sivilforsvaret sine folk og dynka alle hus med vatn. I tillegg fekk vi hjelp av bøndene sine gyllevogner. Vi dynka alt vi kunne med vatn, fortel Gullaksen om sløkkjearbeidet.

–De vurderte ei stund å rive fleire hus med gravemaskinar. Kvifor?

– I beredskapsplanen vår går det fram at vi i ekstreme situasjonar kan rive hus for å unngå at ein brann spreier seg. Gravmaskinane var på plass, men vi unngjekk heldigvis å måtte rive noko, seier han.

– Rein flaks

Gullaksen påpeikar at det er veldig trist for dei som har mista alt dei eigde, men at ein må prise seg lukkeleg over at ikkje menneskeliv gjekk tapt.

– Rein flaks hindra at mange liv gjekk tapt, seier han.

Kripos i Lærdal

PÅ PLASS: Kripos sine etterforskarar var måndag ettermiddag på plass i Lærdal.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser