NRK Meny
Normal

– Flaks at det gjekk bra nok ein gong

Dramatisk då nok ein tunnelbrann braut ut og folk i to bilar måtte bergast ut.

På fredag skjedde det igjen. Ein dramatisk tunnelbrann i fylket. To bilar stod i full fyr i Magnhildskartunnelen.

– Berre flaks gjorde at det gjekk bra også denne gongen, seier innsatsleiar for Eikefjord brannvesen, Ottar Akselsen.

Saman med mannskap frå Florø og Svelgen var han blant dei som rykte ut til tunnelbrannen fredag kveld.

– Det er mykje røykutvikling og alltid dramatisk med brann i ein tunnel, seier Akselsen.

Kollisjon

Fredag kveld kolliderte to bilar 500 meter inne i Manghildskartunnelen. Fem personar vart sende til sjukehus med røykskadar.

– Då vi kom til tunnelen møtte vi folk som hadde kome seg ut. Dei var sotete og fæle, seier Akselsen.

Brannmannskapa valde då å rygge inn med brannbilane. Dei møtte først på ein bil som hadde køyrt i fjellveggen på grunn av røyken, men som ikkje var i brann. Litt lenger inn stod to bilar i full fyr.

– Vi sette då i gang med sløkking og nedkjøling av bilane og sjekka at det ikkje var fleire i tunnelen.

Kunne gått ille

Ottar Akselsen

HADDE FLAKS: Ottar Akselsen innsatsleiar for Eikefjord brannvesen

Foto: Steinar Lote / NRK

Brannen fredag kveld kunne blitt langt verre. For utanfor tunnelen stod det ein tankbil med 42 000 liter med bensin, som skulle ha køyrt gjennom tunnelen. Med brannen i Skatestraumstunnelen i Bremanger i fjor sommar friskt i minne , prisar Akselsen seg lukkeleg for at tankbilen ikkje var i tunnelen då det byrja å brenne.

– Det er klart at hadde den vore i tunnelen då dette skjedde så hadde vi hatt ein anna brann enn det vi hadde fredag. Vi har hatt flaks på dei fleste tunnelbrannane i fylket, men det flaksen tar nok slutt ein dag, seier Akselsen.

Tunnelane er trygge

– Det er alltid dramatisk med ein brann i ein tunnel. Ein veit at ein tunnel har to opningar, og ein må kome seg ut ein av dei. Det er dramatisk når det skjer inne i ein tunnel, seier Svenn Egil Finden, som er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Svenn Egil Finden i Statens vegvesen

TRYGGE TUNNELAR: Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

I Sogn og Fjordane har dei seinare åra opplevd fleire dramatiske tunnelbrannar, men Finden meiner likevel det er trygt å køyre i tunnelane.

– Tunnelane er utrusta med ein del utstyr som trafikantane kan bruke, dei har også utstyr som automatisk oppdagar og set i gang tiltak i tunnelen, som kan hjelpe dei som er i tunnelen. I tillegg er tunnelane i landet under utbetring med tanke på at vi får ei ny forskrift om tunneltryggleik, seier Finden.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.