Hopp til innhold

NIVA meiner Førdefjorden ikkje blir varig øydelagd

Dumping av gruveslam vil ikkje føre til varig øydelegging av Førdefjorden, meiner Norsk Institutt for vassforsking (NIVA).

Båt ved Russenes

IDYLL OGSÅ I FRAMTIDA? Førdefjorden med Engebø i bakgrunnen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

NIVA byggjer konklusjonen på undersøkingar dei har gjort i Sør-Varanger i samband med dumping av gruveslam i fjorden der. Også Førdefjorden vil kome tilbake til vanleg nivå etter at den 50 år lange dumpeperioden er over, sa viseadministrerande direktør Tor-Petter Johnsen i NIVA til NRK for åtte månader sidan .

– Når det er slutt på denne deponeringa vil det etter ei stund byrje å bli næringsstoff igjen, og fisken kjem tilbake, sa Johnsen.

Eit ja til gruvedrift med fjorddeponi vil innebere ei samla dumping av 140 millionar kubikkmeter restmasse i Førdefjorden. Mange meiner at gruvedrifta langt på veg vil øydeleggje Førdefjorden for all framtid, men det vil ikkje skje, hevda Johnsen.

– Det er det vi trur basert på dei røynslene vi har gjort i nord.

– Fisken kom att

Gruveselskapet Syd-Varanger hadde fram til 1997 dumpa enorme mengder gruveavfall i fjorden. Men då dumpinga tok slutt kom livet i fjorden og fisken sakte, men sikkert tilbake, sa Tor-Petter Johnsen.

– I den tiårsperioden det ikkje var deponering i fjorden har fisken kome tilbake, hevda han.

Lars Haltbrekken

TRUR IKKJE PÅ NIVA: Leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

– Stolar heller på Havforskingsinstituttet

Leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund meiner NIVA tek feil i konklusjonane sine.

– NIVA har heile tida bagatellisert konsekvensane av å bruke Førdefjorden som avfallsplass for gruveindustrien. Det har dei gjort konsekvent gjennom dei rapportane dei har utarbeidd på oppdrag frå gruveselskapet Nordic Mining.

– Betyr det at du ikkje stolar på NIVA?

– Vi stolar på dei fremste forskarane vi har på dette området i Norge, i Havforskingsinstituttet, som over fleire år har åtvara mot å bruke Førdefjorden som avfallsplass for gruveindustrien.

– Dei seier at dette er ei av dei største forureiningssakene vi har hatt i Norge på lang tid, seier Haltbrekken.

Kritisk

Forskar ved Havforskingsinstituttet, Jan Helge Fosså, er kritisk til NIVA i denne saka.

– Påstandane til Johnsen er ikkje vitskapleg dokumenterte. Det er ikkje gitt at ein etter 50 år med ureining går attende til den opphavlege tilstanden i fjorden. Eit stort berg med gruveavfall kjem til å bli bygd opp i Førdefjorden, noko som vil endre heile topografien i fjorden. Fjorden kjem aldri attende til det den har vore, seier Fosså.