NRK Meny
Normal

– Finn fram regnkleda – onsdag kjem det det til å bøtte ned

Meteorologisk institutt vurderer å sende ut obs-varsel for nedbørsmengdene som er venta onsdag. Statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved seier regnet vil bøtte ned.

Mykje regn

VENTAR STORE MENGDER REGN: Onsdag kan det kome opp mot 70 mm regn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dagen i dag vert nokså grå og våt, og det vert også nokså kjølig, seier Skålevik Valved.

Temperaturane kryp ned mot seks – sju grader, og det blir regn og yr.

– Det betyr at det ikkje er så store mengder regn som kjem. I tillegg blir det ein del vind, særleg på kysten, seier Skålevik Valved.

Det blir sørleg liten og stiv kuling, og ved Stad så blir det sterk kuling.

Vurderer obs-varsel

Tysdag kveld minskar vinden, og onsdag er det berre å finne fram regnkleda. Då er det venta store mengder regn.

– Det kan kanskje kome opp mot 50–70 mm. Det blir vått og grått i morgon også, men i morgon kjem det til å hølje ned, seier Skålevik Valved.

Det er venta så store mengder nedbør at meteorologane ber folk ta forholdsreglar.

– Vi vurderer no å sende ut obs-varsel. Det er venta så store mengder nedbør at der er lurt å vere litt førebudd. Folk kan gjerne reinske sluk og slike ting, seier Skålevik Valved.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.