Hopp til innhold

– Profilering på nett får folk til å ta store sjansar

Basehoppmiljøet må diskutere den utstrakte bruken av hjelmkamera og nettvideoar med skumle stunt, meiner Dan Halvorsen, basesjef for luftambulansen på Ål.

Dan Halvorsen, basesjef for luftambulansen i Ål

Etter at tre personar har omkomme i basehoppulukker i Aurland i sommar har det blitt sett fokus på tryggleiken nå det gjeld denne sporten. Medan mange av innbyggarane i Aurland ynskjer forbod eller restriksjonar, er det andre som meiner det vil virke mot si hensikt.

Det er Halvorsen og kollegane som må rykke ut når nokon har tøydd strikken for langt.

– Det finst snart ikkje grenser for kva enkelte er villige til å gjere for å bli lagt merke til på nettet.

Han er kritisk til den utstrakte bruken av go-pro videokamera og mogleheita til å profilere alle moglege skumle stunt på internett. Han meiner det kan ha vore ein pådrivar for enkelte til å ta sjansar.

Tar for store sjansar

Den erfarne basehopparen Frode Johannesen vedgår at enkelte i basehoppmiljøet nok tar for store sjansar for å få den "kule" videoen.

– Nokre gjer kanskje det. Men det er dei som ikkje har respekt for det dei held på med. Når du mister repekten for døden og bashoppinga då er du ute å køyre.

Han meiner likevel det berre gjeld ein liten det av dei som driv med basehopp. Han trur likvel at youtube- faktoren, alle videoane på nett, er noko av forklaringa på at sporten er blitt så populær.

– Ferskingane ser det som vi legg ut kanskje, og så byrjar dei å hoppe fallskjerm berre fordi dei vil byrje med basehopping seinare. Det meiner eg blir feil, seier Johannesen.

Dan Halvorsen meiner dei mange videoane på nett kan vere noko som påverkar sporten og får enkelte til å presse grensene til det ubehagelege, og nokre gonger til det tragiske.

– Det er mange som har eit ansvar her; marknadskrefter, reklame, sponsing og sporten sjølv. Sammen bør dei no ta diskusjonen om kva dei skal gjere.