Hopp til innhold

– Fell du ikkje ei tåre om hesten vinn, så skal du ikkje vere her

Er du på Nordfjordeid denne helga og høyrer høge vrinsk frå hestar, så er ikkje det rart. 23 hingstar tevlar nemleg om heider og ære på den store hingsteutstillinga.

Hest

BLIR DENNE HINGSTEN VERDAS BESTE?: Sini Marie Næs (t.v.) og Vidar Heggheim (midten) kryssar fingrane for at denne hingsten går av med sigeren. Her saman med Nils Magne Gjengedal (t.h.) i Nordfjord fjordhestlag.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

Heilt sidan 1886 har hesteentusiastar samla seg til hingsteutstilling på Nordfjordeid. Spenninga er stor for både dyr og menneske når verdas beste fjordhest skal plukkast ut.

– Fell du ikkje ei tåre om hesten vinn, så skal du ikkje vere her, seier Vidar Heggheim.

For han er fjordhest ekte lidenskap. Noko det har vore sidan han var 15 år. Med seg til Nordfjordeid har han to hingstar.

– Eg elskar fjordhestar, og det er eit fantastisk miljø. Vi driv ikkje med dette for pengane si skuld. Då hadde vi heller vore ein annan stad, ler Heggheim

Lidenskap krev ofte hardt arbeid og tallause timar.

– Eg er ikkje sikker på at det er så mange som skjønar kor mykje tid dette tar. Desse hestane har vore på garden frå dei var født, seier han.

Eit skår i gleda

Med strålande sol og god temperatur ligg alt til rette for at hestane skal kunne skine i takt med sola. For styrar av utstillinga, Tore Kvam, byr helga på ei perfekt rame. Likevel er det eit lite skår i gleda at det berre er 23 hingstar med i år.

– Det er det lågaste talet eg har opplevd sidan eg starta i 1994. I år og til neste år får vi konsekvensar av ein bølgjedal med låge fødselstal som gir etterslep.

Kvam trur finanskrisa er noko av grunnen til det.

– Finanskrisa gjorde sitt til at folk var forsiktige med hobbyar. No tyder tal på at vi er på veg opp att, men det tar litt tid før vi får sjå det att i hingsteutstillinga.

Hest

LYSLUGGA: Styrar Tore Kvam (t.v.) og utstillar Svein Erik Hafstad (t.h.) saman med ein lyslugga hingst på Nordfjordeid.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

– Folk i alle land elskar fjordhesten

Nordfjordeid byr på internasjonal stemning med flagg frå fleire nasjonar under utstillinga. Det er nesten ikkje eit land der det ikkje finst fjordhestar, meiner leiar for Fjord Horse International, Nils Ivar Dolvik.

– Det er fjordhestar i alt frå Sør-Amerika til New Zealand og Romania.

– Kvifor er fjordhesten så populær?

– Eg har lurt på det, for det finst jo fleire hundre hesterasar der ute. Likevel er det er ein gjeng med folk i alle land som elskar fjordhesten. Eg trur det har noko med både lynne og allsidigheiten, seier han.