Hopp til innhold

– Fart drep mest

Tidlegare politiadvokat Louis Anda får kritikk for utspelet om at fartskontrollar ikkje vil føre til betre trafikktryggleik.

Lasermåling

FART DREP: Fart er det som drep mest i trafikken, seier køyrelærar Geir Gåsøy. Han meinar laserkontroll er viktig.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

I forrige veke gjekk tidlegare politiadvokat Louis Anda ut og var kritisk til den auka satsinga på lasarmålingar for å ta fartssyndarar.

Han meiner et er andre ting som er viktigare, mellom anna farlege forbikøyringar, bilistar køyrer som så seint at andre føretek farlege forbikøyringar, bilistar som kappar svingar og bilistar som ikkje brukar blinklys.

– Fartskontrollen er ein kvantitativ måte å drive med trafikkovervaking på, der ein råkar den elles lovlydige borgaren som køyrer 10-20 km/t for fort på kanskje til dels vegar som har meget gode forhold, sa han då.

  • SEI DI MEINING NEDST I SAKA

Fart drep mest

No går køyrelærar Geir Gåsøy ut mot Anda.

– Det er jo veldig beklagelig at ein så profilert person som Anda går ut og meinar noko sånt, seier Gåsøy.

Han har vore køyrelærar i over tretti år, og er oppgitt over utspelet.

– Alt er jo viktig. Men det er ikkje noko å diskutere, det er farten som drep dei fleste, seier han.

Held fast ved utspelet

Louis Anda

Louis Anda held fast ved at andre verkemiddel er viktigare enn laserkontroll.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Men Anda meiner framleis at det er feil å satse einsidig på fartskontrollar.

– Dei markante fartsovertrampa representerer ein stor fare, det er det ingen tvil om. Men eg stiller meg drimot meir tvilande til kva betydning det har at folk køyrer 10 -15 kilometer over grensa på enkelte strekk der det i det konkrete tilfellet vil vera forsvarleg, seier Anda.

Han trur ei meir grunnleggjande endring må til for å få ned ulukker.

– Ein må ta tak i den meir generelle adferda som førarar syner i trafikken.