Hopp til innhold

– Faren for store straumbrot aukar

Utsetjing av den nye kraftlina mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn aukar risikoen for omfattande straumbrot i Midt-Norge, meiner Statnett.

Myklebustdalen kraftlinje

STOPP: Arbeidet i Myklebustdalen var allereie kome langt då Gulating lagmannsrett tidlegare i sommar avgjorde at vedtaket om at Statnett kunne starta arbeidet var ugyldig. All jobb måtte stoppe.

Foto: NRK

Den nye kraftlina skulle opphavleg vore ferdig i løpet av neste år, men strid om traseval gjennom Bremanger gjer at lina kan stå klar tidlegast i løpet av 2017. Det kan få alvorlege konsekvensar, meiner Statnett.

– Risikoen aukar for at store straumbrot kan oppstå, seier Martha Haherup Nilson, kommunikasjonssjef i Statnett region midt.

Kraftlina mellom Ørskog og Fardal skal gå gjennom Bremanger. Det har i fleire år vore strid om kvar i Bremanger lina skal gå.

Tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe sitt vedtak frå 2011 om å gje Statnett lov til å starte bygginga av kraftlina gjennom Myklebustdalen i Bremanger, har vore omstridd og har skapt eit voldsomt rabalder.

I juni i år slo Gulating lagmannsrett fast at vedtaket om at Statnett kunne starte bygginga var ugyldig, fordi departementet hadde bygd på eit "vesentlig feilaktig faktisk grunnlag", som det stod i dommen. Statnett måtte stoppe arbeidet med kraftlina i Bremanger.

– Kan verte for lite straum

I verste fall må eit stort utsprengd område fyllast igjen og såast til, ny trasé må veljast og 100 millionar kroner er kasta bort. Faren er at det rett og slett blir for lite straum i Møre og Romsdal, seier Hagerup Nilson.

Martha Hagerup Nilson

STRAUMBROT: Martha Hagerup Nilson i Statnett meiner at kraftsituasjonen vil kunne bli spent dersom lina gjennom Bremanger vert forseinka.

Foto: Statnett

– Det vil kunne oppstå ein spent kraftsituasjon, rett og slett ved at det ikkje er nok straum i området.

– Og då vil straumen falle ut?

– Ja, den kan jo gjere det.

– Det er ingen hast

Leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Marit Vøien Nes, meiner behovet for Ørskog Fardal-lina ikkje er så stort som Statnett og andre hevdar.

– Det er kanskje oljeindustrien som har bruk for straum. Ikkje direkte fylket Møre og Romsdal, seier Vøien Nes.

Det er ingen hast å gjere Ørskog-Fardal lina ferdig, meiner ho.

– I alle fall ikkje for ein kvar pris.

Fylkesberedskapssjef i Møre og Romsdal Kjetil Matvik Foldal er uroa over situasjonen.

– Vi er urolege for at ein rett og slett må stogge kraftforsyninga fordi at det ikkje er noko å putte inn på nettet. Vi har i fleire år sett fram til å få på plass Ørskog-Fardal, som i stor grad vil styrke forsyningssituasjonen, seier Foldal.

Ny rettssak til vinteren

Statnett har enno ikkje teke stilling til om dei vil anke dommen frå Gulating lagmannsrett. Ankefristen går ut i september.

I midten av juli sende olje- og energidepartementet eit brev på høyring der dei bad involverte partar om innspel på den vidare prosessen. Bremanger kommune var då klare på at dei ikkje ønskte lina gjennom den austlege delen av Myklebustdalen.

Parallelt med denne prosessen har grunneigarane i Myklebustdalen også ei anna sak gåande i rettssystemet, mot Miljøverndepartementet. Denne saka gjeld Sørdalen naturreservat. Grunneigarane meiner at vedtaket om at kraftlina kan gå gjennom naturreservatet er i strid med naturmangfaldlova.

LES OGSÅ: Tap for grunneigarar i kraftstrid

Grunneigarane tapte denne saka i Oslo tingrett tidlegare i år. Dei har anka dommen, og saka skulle opphaveleg opp i Borgarting lagmannsrett i august. Men saka er utsett, og vil truleg kome opp til vinteren.

Tidlegare i sommar sa grunneigar Lars Endre Myklebust at sigeren frå Gulating lagmannsrett, hadde auka deira tru på siger, også i den andre saka.

– Dagens dom og det som står i han, gjer at vi føler oss enno tryggare på å stå løpet heilt ut. Dommen gjer at vi føler oss trygge på å vinne også den andre ankesaka i lagmannsretten, sa grunneigar Lars Endre Myklebust.