Hopp til innhold

– Får ikkje ytt god nok service lenger

FØRDE (NRK): For sjåførane i Firda Billag har det blitt vanskelegare å hjelpe passasjerar med å finne bussavgangar etter at ruteheftet vart borte.

Finn Sætrebakke, bussjåfør

FORTVILA: Bussjåfør Finn Sætrebakke skulle ønske han hadde tid til å hjelpe passasjerane.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Mange passasjerar er uroa og redde for å ikkje finne fram eller miste bussen sin, seier bussjåfør Finn Sætrebakke.

Fram til i vår fekk alle i Sogn og Fjordane eit rutehefte med oversikt over avgangane til kollektivtrafikken rett i postkassa. No er det slutt på det, og ein må finne informasjon om reisene sine på nettstaden Kringom.no.

Finn Sætrebakke køyrer blant anna bybussen i Førde. Tidlegare kunne han dele ut eit hefte til dei passasjerane som trengde hjelp med å finne avgangstider. Men no må også han inn på nettet for å finne desse opplysningane, og det blir for tidkrevjande.

– I periodar var ikkje alle rutene lagde ut på nett, og då visste vi ingenting, seier Sætrebakke.

Ikkje internett på mobilen

Passasjer på bybussen, Erna Sørbø

SAKNAR HEFTET: Erna Sørbø saknar ruteheftet.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Passasjer Erna Sørbø seier bestemt at ho ikkje er nøgd med den nye løysinga. Ho saknar å kunne ha med seg heftet ute på reise. Ho er avhengig av bussen og har ikkje mobiltelefon med internett. Ho trur det er mange som er einige med henne i at dette er for dårleg service.

– Når du er ute og reiser og skal vidare med ein buss, kva gjer du då? Du har ikkje PC-en med deg i lomma, seier Sørbø smilande.

Øystein Hunvik

LETTVINT: Øystein Hunvik syner stolt fram ruteplanleggaren på Kringom.no

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Kan ringe ruteopplysning

Assisterande fylkesdirektør for samferdsle, Øystein Hunvik, er stolt over nettstaden Kringom.no. I overgangsfasen var det mange av rutene som ikkje var på plass, men no meiner han alle ruter skal vere mogleg å finne på nettsida. Og dei som ikkje har tilgang til nett kan ringe ruteopplysninga på nummer 177.

– Det er berre tre tastetrykk, og så kan dei snakke med folk som er i stand til å hjelpe, seier han.

– Det blir alt for tungvint alt dette der. Eg vil ha rutehefte, seier Erna Sørbø.

Bussjåfør Sætrebakke fortel at han har møtt passasjerar som kjem fortvila på bussen fordi ruteopplysninga ikkje har kunna hjelpt dei.

Passasjerar på bybussen

BRUKAR TELEFONEN: Vilde Adler Nilsen og Oda Kristine Breckan synest det er greitt å bruke nettet for å finne rutetidene.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Vanskeleg for bestemor

Vilde Adler Nilsen og Oda Kristine Breckan trur at det har blitt vanskelegare for eldre å finne rutetidene, sidan dei kanskje ikkje har like god tilgang til nett.

Hunvik fortel at ein også kan bestille dei rutetabellane ein har bruk for dersom ein ringer 177. Då får du den einskilde bussruta tilsendt i posten heilt gratis.

– Det trur eg ikkje bestemor hadde gjort, seier Breckan.

– På nettet må du søke opp ei og ei rute. Eg kunne godt ha tenkt meg å ha den gamle rutetabellen, så eg kunne hatt den med for å sjekke, seier Sætrebakke, som trur det framleis er stort behov for rutetabellen.