Hopp til innhold

– Korrupsjonsskuldingane er eventyr og reint oppspinn

– Skuldingane om korrupsjon er tull og tøys, frå A til Å, seier mangeårig leiar i Sogndal Fotball, Rolf Navarsete, etter at det kjem fram skuldingar om at fotballpresident Yngve Hallén skal ha motteke pengar under bordet for ein fotballspelar.

Rolf Navarsete

OPPSPINN: Rolf Navarsete er overtydd over at ingen i Sogndal Fotball nokon gong har tatt imot pengar under bordet i eiga vinning.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette høyrest ut som eit eventyr. Eg her 110 prosent sikker på at aldri nokon i Sogndal Fotball, nokon gong har teke pengar i eige lomme. Det meir gått andre vegen, frå eigen lomme til klubben, seier mangeårig leiar i Sogndal Fotball, Rolf Navarsete.

Han har vore sentral i drifta av Sogndal Fotball i over 40 år, og har sjølv spelt på laget.

Skaka over skuldingar

Han er skaka over skuldingane som kjem fram i boka "Fotballagenten – Røvarhistorier om Fotball-Norge" der forfattaren Knut Høibraaten skriv at fotballpresident og tidlegare dagleg leiar av Sogndal Fotball, Yngve Hallén, er skulda for å ha motteke svarte pengar under bordet til eiga lomme.

– Når eg høyrer noko slikt så må påstandane komme frå nokon som ikkje kjenner kulturen i Sogndal. Eg har aldri vore inne på tanken at noko slik skulle skje.

Navarsete er heilt sikker på at andre som har drive klubben, aldri har gjort noko slikt med tanke på eiga vinning. Slik har det verkeleg aldri vore, understrekar Navarsete.

– Dette er langt vekke frå all logikk i kroppen å gjere noko slikt i dei 40 åra som eg har vore med å drive klubben.

– Så du avviser at dette kan ha skjedd?

– Ja eg er 110 prosent sikker på at ingen har tatt pengar i eiga lomme for å utføre noko. Eg har aldri tenkt tanken på noko slikt. Eg er 110 prosent sikker på at det gjeld dei andre og.

– Ikkje kjekt

Det er i samband med oppkjøpet av keeperen Piotr Leciejewski i 2008 at skuldingane om at Hallén skal ha motteke pengar i eiga lomme kjem. Hallén på si side avviser skuldingane i VG, og seier han vil forfølgje skuldingane juridisk.

Navarsete seier skuldingane mot Sogndal Fotball ikkje skader deira renommé, men likar det slett ikkje.

– Det er ikkje kjekt. Men vi må vel finne oss i det i og med at Yngve Hallén er fotballpresident. Før han vart president stod det knapt eit ord om oss i avisene i slike saker. Men no er vi blitt så gamle at vi må lære å leve med det.

Får støtte av Fylling

Trond Fylling har også ei mangeårig tilknyting til Sogndal Fotball både som trenar, talentspeidar og leiar. Han støttar Navarsete i at korrupsjons-skuldingane er oppspinn.

Trond Fylling

AVVISER SKULDINGAR MOT SOGNDAL: – Det er å koke spiker på vatn, seier Trond Fylling som i mange år har hatt tilknyting til Sogndal Fotball.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er vrøvlehistorier. Dette er å koke spiker på vatn fordi ein vil selje ei bok. Det er påstandar som er teke ut av lause lufta, seier Fylling.

I 2008 hadde ikkje Fylling noko rolle i Sogndal Fotball, men var involvert i overgangen til Leciejewski.

– Eg fekk min del av pengane i den overgangen for jobben eg gjorde, men alt vart gjort etter boka. Det må ein, seier Fylling.

Ute etter Hallén

Sjølv har ikkje Navarsete høyrt om forfattaren Knut Høibraaten som fotballagent. Han trur mange er ute etter Hallén, ikkje etter Sogndal Fotball.

– Kva skal ein gjere? Det er ikkje Sogndal Fotball ein vil råke med slike skuldingar. Det er Hallén ein er ute etter. Boka skal vel selje og må difor innehalde nokre godbitar, seier Navarsete.

Han meiner at i toppstillingar er ein meir utsett for å bli sverta, og spesielt i store organisasjonar som fotballen er ein del av.

– Før Sogndal Fotball fekk kjendisar på laget så var det aldri slikt. Men då Jostein Flo kom på laget endra det seg med media heile tida. Det same har skjedd etter at Yngve Hallén vart fotballpresident.