Hopp til innhold

– Familien måtte gjere som mor til Jesus gjorde

Den kristne organisasjonen Kristen Koalisjon vil gi ein pris til familien i den såkalla barnevernssaka frå Naustdal, for deira kamp mot barnevernet.

demonstrasjon

STERKE KJENSLER: Etter at ekteparet i Naustdal blei fråtekne barna sine på grunn av oppdragarvald, har sinte demonstrantar verda over rasa mot det norske barnevernet.

Foto: Barnevernsaksjonen si Facebook-side

Den norsk-rumenske familien vart fråtekne borna etter skuldingar om oppdragarvald. Saka har vekt stor merksemd i Norge og utlandet. Over heile verda blei det demonstrert mot det norske barnevernet.

– Vi vil gi familien ein pris i solidaritet med ein kristen kjempande familie som har kome slik i styresmaktene sitt søkelys, at dei var i ferd med å miste borna sine, seier leiar i representantskapet i Kristen Koalisjon Norge, Finn Jarle Sæle.

Finn Jarle Sæle

SOLIDARITET: Finn Jarle Sæle vil gi prisen i solidaritet.

Foto: NRK

Etter ein lang prosess kom barna tilbake til familien, og i fjor tok det norsk-rumenske foreldreparet borna sine med seg til Romania.

– Familien måtte gjere som mor til Jesus gjorde. Den gongen var det Egypt, no er det Romania, seier Sæle.

Stort engasjement

Saka om familien har skapt stor engasjement. Naustdal-saka er også ei av åtte saker om norsk barnevern som skal opp for domstolen i Strasbourg.

– Vi støttar familien fordi vi meiner rettshandhevinga i barnevernssaka skjer på eit område som ligg utanfor det som staten har noko rett på, seier Sæle.

Den tidlegare profilerte kristenleiaren er ikkje redd for å verte oppfatta som kontroversiell ved å gå inn i ei betent sak som dette.

– Kontroversiell eller ikkje. Det er viktig å stå opp for familien som er Guds første skaparordning på lik line som det er viktig å stå opp for barnet, seier Sæle.

– Dette handlar jo om ein familie som er skulda for oppdragarvald, og er ikkje det då ei oppgåve for ein kristen organisasjon å stille seg på borna si side?

– Vi er på borna si side. Vi stod bak 10. mai 1986 og er opptekne av all vald mot det ufødde barnet og også det fødde. Vi meiner at barnevernet har sin rett i kampen mot all vald mot barn, men å gi barn ein klaps er ikkje vald av ein slik type som utopisteer i den offentlege totalomsorgssamfunnet vil ha det til, seier Sæle.

– Seier du no at det er greitt å gi barn ein klaps for at dei skal lyde?

– Juridisk sett er det greitt i internasjonal rett. Eg er i mot det og meiner at alle foreldre skal disiplinere seg på kjærleg å god stemme og eksempelets makt i oppdragelsen, seier Sæle.

Vanskeleg sak

Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal

TILSYN: Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang Olsen seier dei har bedt om ei evaluering av praksisen deira.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vi har forståing for at dette har vore ei svært vanskeleg sak for foreldra, noko det ofte er i barnevernssaker, seier Øyvind Bang Olsen som er rådmann i Naustdal.

Han seier kommunen har handla i samsvar med det som er praksis i norsk forvaltning, og at dei baserer seg på barnekonvensjonen.

– Samstundes så har vi og bede om tilsyn og ei evaluering av vår praksis, for det er viktig at vi skal kunne lære av dei sakene vi har jobba med, seier Bang Olsen.