Hopp til innhold

– EU-kontrollen kan lure deg

Statens Vegvesen og NAF åtvararar mot å stole blindt på EU-godkjenning som kvalitetetsteikn når ein skal kjøpe bil.

Øyvind Dvergsdal

ÅTVARER: Øyvind Dvergsdal i NAF seier mange stolar for mykje på EU-kontrollen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det hender seg rett som det er at vi får inn folk som seier at dei stolte på at bilen var EU-godkjend, seier leiar Øyvind Dvergsdal ved NAF-stasjonen i Førde.

Ein lite omfattande kontroll

Mange har kjøpt såkalla «EU-godkjende bilar», men som i ettertid har det vist seg at dei har kjøpt katta i sekken.

Dvergsdal meiner folk legg for mykje i begrepet EU-godkjent. Eigentleg seier det ikkje så mykje meir meir enn at bremser, lys og styring er innanfor eit minstekrav sett av EU på kontrolltidspunktet.

Ei EU-godkjenning seier ingenting om den tekniske tilstanden på til dømes motor, eller kor mykje rust det er på bilen.

– Ein bil kan vere ganske mykje rusta, sjølv om han passerer ein EU-kontroll, seier NAF-leiaren.

Øyvind Dvergsdal

KAN HA MANGE FEIL: EU-kontrollen omfattar først og fremst bremser, styring og drivverk. Den er ingen garanti for at bilen er feilfri, påpeikar Øyvind Dvergsdal i NAF.

Foto: Oddleif Løset / NRK

(Artikkelen held fram under biletet.)

Også Vegvesenet åtvarar

Også i Statens Vegvesen åtvarar overingeniør Kristian André Sæbø ved tilsynsseksjonen mot å bruke eventuell EU-godkjenning som rettesnor når ein skal kjøpe bruktbil.

Kristian Andre Sæbø

ÅTVARER: Kristian Andé Sæbø i Statens vegvesen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi får ein del førespurnader frå personar som har kjøpt bruktbil og er veldig forbausa over at bilen nyleg var EU-godkjent, men som i dag framstår med mange feil. Det er svært lite vi kan gjere i slike saker. Vi kan sjå på feil som omhandlar EU-kontrollen, men alt det andre er forbrukarrettsleg, seier Sæbø.

EU-kontrollen likevel viktig

Overingeniøren i Vegvesenet meiner likevel at EU-kontrollen har ein verknad, sjølv om den ikkje avdekkar alle feil og manglar.

Den har stor verdi. Det er ikkje alle bileigarar som vel å ha jamleg service på køyretøyet sitt. Då er det viktig at vi har EU-kontrollen som kan fange opp feil på køyretøyet som kan utgjere ein risiko for trafikktryggleiken, seier Sæbø.