Hopp til innhold

Ny rekord for Oktoberfesten i Stryn

I alt 5.740 personar fann turen til festområdet under årets Oktoberfest i Stryn. Laurdag var endåtil vêrgudane på Stryn Ping Pong Club si side under paraden.

Fleire hundre stilte langs gatene gjennom Stryn for å få med den faste paraden. I år med Kampen Janitsjar, som er godt vande med 17. mai-feiringa på Karl Johan i hovudstaden, heilt fremst.

Besøket er korpset sitt første i Stryn sidan 1981.

– Det var litt spesielt. Var med på Oktoberfesten i München for to år sidan, men dette er heilt på høgde. Det er ganske utruleg, seier styreformann Einar Aamodt.

– Stryn er spesielt

Sjølv trakta han klarinett gjennom Stryn sine gater. Korpset kom frå Oslo fredag og skal allereie i kveld spele opp igjen for dei mange tilreisande.

Jannike Sunde frå Olden på Oktoberfesten i Stryn.

PØLSE: Jannike Sunde frå Olden smakar på pølsene under Oktoberfesten.

Foto: Benny Hammer

– Det som gjer Stryn så spesielt, er at veldig mange er kledde i dei originale lederhosen. Det var ganske utruleg, gliser Aamodt.

Bak janitsjarkorpset følgde hestar med kjerre, burgermeister, ordførar Sven Flo og oktoberfestgeneral Torstein Breivik. Bak desse følgde ei lang rekkje med rett kledde paradedeltakarar.

– Stemningsfullt

– Det var temmeleg stemningsfullt å gå gjennom gatene. Stryn er ikkje så store plassen, men her er sikkert fire-fem gonger så mange som bur her, seier han og legg til.

(Artikkelen held fram under videoen)

Folket får servert "Ein prosit" og lar seg rive med i sangen under Oktoberfesten i Stryn.

EIN PROSIT: Publikum kasta seg inn i allsangen. (Video/redigering: Arne Vik)

Den offisielle opninga fann stad i sirkusteltet.

– Så var vi jo så heldige med vêret. Det regna skikkeleg før paraden, men så letta det opp att. Då vi spelte i teltet i etterkant kom det eit skikkeleg regnskur, så vi var heldige, legg han til.

Har selt klede

Torstein Breivik med bart

GENERAL: Torstein Breivik.

At det er mange kvinner og menn som går heilt rett kledd i Stryn denne helga er det liten tvil om.

Gjennom butikken sin har arrangørane selt 400 herredrakter, 500 damedrakter og 600 par sokkar.

– Vi sel jo ikkje kleda for å tene pengar, men det gir deltakarane mogelegheit til å kle seg opp. Då blir jo festen betre, seier oktoberfestgeneral Breivik og konstaterer at den sjansen er det mange som har gripe.

Kvalitetsbartar

– Vi flytta butikken bort på festområdet i går, og det vart det vel blåst det som var. Det stod att nokre kassar med «duppedingsar» i dag tidleg, humrar han.

Og bartane han har sett i gatene er det heller ikkje noko å seie på. At menn i hopetal sparar og trimmar på bartane sine framover mot festen er også med på å gi festen ein ekstra piff.

– Ja, fy søren. Her er det alltid kvalitetsbartar. Det ser teit ut når du sparer, men du verda så mykje meir morosamt det blir, ler Breivik.

Ny rekord

Festen fredag samla kring 2.600 inne i sirkusteltet. Det er over 1.000 meir enn i fjor. I tillegg til 1.400 fredagen, kom det i fjor 2.400 til teltet laurdagen.

– Vi har selt kring 2.100 helgepass, og har lagt ut 600 billettar til arrangementet i kveld. Av desse er 300 allereie selde. I tillegg kan det vere at det blir lagt ut nokre billettar til, men det må vi sjå litt på, seier Breivik.

– Eg vil tru at vi i kveld kan komme til å ha kring 3.100 innanfor dørene, legg oktoberfestgeneralen til.

(Artikkelen held fram under videoen)

Helga 20. - 21. september var det Oktoberfest i Stryn.

SJÅ VIDEO: Mykej folk og god stemning i Stryn sine gater under paraden laurdag. (Video/redigering: Arne Vik)

– Eit folkekrav

Og når vi ringer festgeneralen søndag føremiddag, kan han konstatere at det vart 3.140 gjester laurdag kveld. På dagtid trekte festen eit par-tre tusen til aktivitetane då. Med andre ord ein ny solid rekord.

Og dermed blir det heller ikkje i år tapte pengar for Stryn Ping Pong Club. Breivik er usikker på om og eventuelt kva endringar som blir til neste år. For det blir nok ein ny oktoberfest.

– No skal eg ikkje snakke for alle, men når folk går rundt og gliser og er superblide heile tida, så er det vel vanskeleg å unngå. Så er det vel kanskje blitt eit folkekrav at vi arrangerer dette, gliser han.

– Heilt fantastisk

Oktoberfesten fekk laurdag ein god start på årets utgåve med stort oppmøte både i og langs paraden..

– Det har vore heilt fantastisk, seier Breivik.

– Aamodt i Kampen Janitsjar seier de er heilt på høgde med München?

– Det er vi heilt klar over. Om ein kan kalle det eit oktoberfestmiljø i Norge, så rankar dei også Stryn som nummer ein. Vi reiste 25 til München i 2007 og tok med oss det som var bra der, og krydra det med litt andre ting. Vi har ein organisasjon som fungerer, god styring, gode planer og har medlemer frå alle yrkesgrupper. Det gjer det enklare å arrangere.