Hopp til innhold

– Er Fjord 1 til for oss, eller er det kundane som er til for Fjord 1? 

Køane har hopa seg opp på ferjesambandet Anda-Lote på E39 denne veka grunna ei reserveferje. Pendlar Nils Ola Strand er lite nøgd med Fjord 1 si handtering av saka.

MF Årdal- Nils Ola Strand

KRITISK: Nils Ola Strand (innfelt) syns Fjord 1 underdriv når dei seier at reserveferja «MF Sognefjord» har litt mindre kapasitet enn «MF Årdal».

Foto: NRK/Privat

  • Les heile det opne brevet frå Nils Ola Strand til Fjord 1 lengre nede i artikkelen.
Nils Ola Strand

PENDLAR: Nils Ola Strand har tatt ferja mellom Anda og Lote i over 50 år, i 30 av dei som dagpendlar.

Foto: Privat

– Eg meiner at Fjord 1 veit om lag kor mange bilar som er med på kvar ferje, og derfor burde dei klare å sette inn ei ferje som har kapasitet til å ta unna den trafikken, seier Nils Ola Strand.

For denne veka er ferja «MF Årdal», som til vanleg trafikkerer ferjesambandet Anda-Lote, inne for å skifta motor. I mellomtida er det «MF Sognefjord» som går som reserveferje, men den har plass til om lag 40 færre bilar og køane har hopa seg opp.

Strand har skrive eit ope brev til Fjord 1 der han kjem med krass kritikk til selskapet og på Facebook har mange kommentert, delt og likt innlegget hans.

13.800 turar

Strand har reist med ferja i 55 år. I 30 av dei har han dagpendla og har rekna seg fram til at han har tatt ferja om lag 13.800 gonger.

Han saknar informasjon frå ferjeselskapet.

– Ein burde sett inn ei ferje som er stor nok til å ta unna trafikken. Dei burde gått ut i god tid slik at ein kunne planlagt, seier Strand.

Tidlegare i år vart «MF Årdal» ofte sett ut av drift med tekniske feil, noko som også førte til lang ventetid.

– Eg forstår godt at det dei gongane vart sett inn ei for lita ferje i naudstilfelle, men dette var planlagt og eg syns Fjord 1 har handtert dette altfor dårleg i forhold til brukarane, seier Strand.

Og stiller spørsmålet.

– Eg syns Fjord 1 skal tenka seg om. Er dei til for oss, eller er det kundane som er til for Fjord 1?

I kontrakten

«MF Årdal» skal etter planen vere tilbake i drift tysdag 31. oktober.

– Dette er ein del av kontrakten med Statens vegvesen. På alle ferjesambandet i landet er det slik at reserveferjene har lågare kapasitet enn hovudferja, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

– Burde dokker ha informert pendlarane tidlegare om dette?

Alfred Bjørlo ved Firda kaserne på Nordfjordeid

DÅRLEG INFORMASJON: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), er lite nøgd med at køane har hopa seg opp på ferjesambandet. Han skulle også sett at informasjonen til brukarane hadde kom ut mykje raskare enn den har gjort.

Foto: Privat

– Det kunne vi sjølvsagt ha gjort, men eg trur ikkje det hadde endra noko, seier Kristoffersen.

– Det er folk det handlar om og det er ein ti år gammal kontrakt i eit samband med ein enorm trafikkvekst sidan då. Eg tenker at sidan det berre gjeldt ei veke så burde dei ha sett inn to ferjer, for å vinna tilbake tilliten blant folk i Nordfjord. Eg meiner at denne gongen burde dei ikkje skjulte seg bak ein kontrakt, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Kø, Anda-Lote

KØ: Slik såg det ut på Anda på måndag, den første dagen med reserveferja «MF Sognefjord» inne for «MF Årdal»

Foto: NRK.no-tipser