Hopp til innhold

– Endeleg eit høgtrykk

Godt nytt til alle solhungrige vestlendingar: Vi får iallfall to dagar med sol og varme!

Sol i Førde

MORGONSOL: Litt kjøleg i morgontimane i Førde, men sola vil gjere det varmare utover dagen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Statsmeteorolog Mette Skjerdal er tydeleg glad for å kunne fortelje folk via NRK Sogn og Fjordane om vêrfenomenet som stort sett har glimra med fråveret sitt i sommar:

– Ja, endeleg ser det ut til at vi har eit høgtrykk på gang. I dag blir det fint vêr, litt skya på morgonkvisten einskilde stader, men skyene lettar raskt utover føremiddagen. Mange stader får opp i 20 grader, særleg i indre strok, kanskje litt under 20 grader i ytre strok.

Opp mot 25 grader fredag

Og fredagen skal bli endå betre, fortel Skjerdal.

– Det ser veldig bra ut. Vi får litt meir vind, opp i liten kuling frå austleg retning. Men det blir trekt opp mykje varm luft frå kontinentet, så det blir stigande temperaturar, mange stader opp i 23-24, kanskje 25 grader.

Skulestart med sol

Utpå fredagskvelden skyar det til, og laurdag kjem det eit lågtrykk med regn. Men det varer ifølgje yr.no berre til og med søndag, og temperaturane held seg rundt 20 grader på dagtid. Når skulen tek til att i neste veke skal det om vi skal tru vêrnettstaden bli fint vêr med temperaturar over 20 grader på dagtid.