Hopp til innhold

– Elflya gir nye moglegheiter for småflyplassane i fylket

Måndag fann den første flyginga med elfly i Noreg stad. Elflya kan i framtida sørge for hyppigare avgangar både mellom småflyplassane og ut av fylket, trur regionsjefen i NITO Vest.

De første elflyene leveres i dag til Avinor på Gardermoen

FØRSTE FLYGING: Elflyet som blei teke i bruk måndag er av merket Alpha Electro G2. Det er produsert av ein av dei største flyfabrikkane i Europa, Pipistrel i Slovenia.

Foto: Avinor

Konsernsjef i Avinor, Dag Falk-Petersen, fekk måndag vere pilot under den første flyginga med elfly i Noreg. Regionsjef i Norges Ingeniør- og Teknologiorganisasjon (NITO) Vest, Stian Nyhus, trur elflya kan få stor betydning for fylket i framtida.

– I Sogn og Fjordane – med fire flyplassar spreidd utover fylket – kan ein sjå føre seg at ein kan reise hyppigare mellom flyplassane. Du har ikkje meir enn 40 mil avstand for eksempel til Oslo, Bergen og Ålesund. Det opnar seg ei rekkje nye moglegheiter, seier Nyhus.

Fordel for småflyplassar

Han meiner hyppigare avgangar kan gjere det meir attraktiv å bu og jobbe i fylket, sjølv om det er ein veg fram.

– Når du begynner med elfly må du begynne i det små, kanskje med 10–20 personar. Vi er ikkje der enno, men det kjem. Rekkjevidda vil kanskje vere 30–40 mil. Då kan du tenkje deg fordelen med småflyplassar, seier Nyhus, som meiner elflya òg har mange andre fordelar.

Stian Nyhus

HAR POTENSIAL: Regionsjef i NITO Vest, Stian Nyhus, trur elflya kan bli viktige for småflyplassane. – Dette er ein stor dag og verdt å feire, for dette kan bli sannsynlegvis ein revolusjon for norsk lufttransport, seier Nyhus etter flyginga måndag.

Foto: Siri Løken

– Driftskostnadene er langt lågare enn i dag. Straumen er mykje billegare. Elmotorar er billegare å byggje og vedlikehalde. Slik kan ein få hyppigare avgangar og rimelegare billettar, seier Nyhus, og legg til at miljøgevinsten openbert også er stor.

– Å få ned utsleppa er ein kjempegevinst.

Widerøe trur på hybrid

I Widerøe seier dagleg leiar Stein Nilsen i Widerøe at selskapet ønskjer fly nærast mogleg nullutslepp når dei skal investere i nye kortbanefly – men har meir tru på ein hybridmodell.

– Vi trur nok at neste generasjons kortbanefly er drive av ein elektromotor. Men det å få nok energi til å drive ein elektromotor i vårt nettverk er vi litt skeptisk til om batteriteknologien klarer. Vi er ganske sikre på at det kjem ein hybridmodell, enten med tradisjonelle generatorar – eller kanskje aller helst ved hjelp av hydrogen.

– Det er viktig at vi som bransje tek ansvar for å gjere næringa meir berekraftig enn den er i dag. Så vi håper at vi skal sjå eit teknologiske konsept som ligg på nullutslepp eller veldig nær nullutslepp.

Målsetjing til 2040

Målet til Avinor er at all flytrafikk skal vere elektrisk i 2040. Stian Nyhus seier det skjer ei veldig utvikling på elfeltet, og trur det er realistisk

– Både innan bil og båt er det stadig utvikling på elmotorar. Vi er gode på det i Noreg òg, særleg på båtar. Innan fly er det meir internasjonale selskap som er i vinden. Eg trur dette kjem til å gi store moglegheiter for Sogn og Fjordane og Noreg som transportnasjon.