NRK Meny
Normal

– Eit scoop å booke Aurora

Rekordhøgt besøkstal på Balejazz i helga.

Aurora
Foto: Christian Blom

– Helga har vore heilt fantastisk, seier festivalsjef Sigurd Kvikne.

Det er 27. gong at den den vesle festivalen blir arrangert, og i år var det rekordmange som besøkte festivalen i Balestrand.

3000 billettar

Kring 5000 personar besøkte festivalen i Sogn denne helga. Det er kring tusen fleire enn året før.

Totalt blei det selt i overkant av 3000 billettar, ifølgje festivalsjefen. Det betyr rekord i både talet på besøkande, og i talet på selte billettar.

– Vi har drive med dette i 27 år. Festivalen er godt innarbeidd og programmet er sterkt i år.

Men éi booking har hatt mykje å seie for rekordåret, skal ein tru festivalsjefen.

– Verkeleg scoop

Festivalen kunne skilte med fleire kjende namn på plakaten i år, men Aurora Aksens er truleg det namnet som har fått størst merksemd i internasjonal presse den siste tida.

Den 19 år gamle kvinna frå Os blei i 2014 nominert som årets nykommer i P3 Gull, og etter det har det berre gått éin veg for den unge artisten.

– Å booke ho akkurat i år var jo verkeleg eit scoop. Akkurat då vi booka ho var det enormt med presse rundt ho, så det er klart ho har hatt mykje å seie for årets festival. Konserten laurdag blei raskt utselt, fortel festivalsjefen.

Om festivalen i Balestrand ville hatt økonomi til å booke den unge artisen i dag, veit han ikkje.

– Nei, det er ikkje godt å seie, men ho leverte i alle fall ein fantastisk konsert. At den jenta har ei stor framtid er det ingen tvil om.

Katy Perry og Aurora Aksnes

SKRYT: Endeleg. Ny musikk som gir meg hjertebank. Sjekk ut denne 18 år gamle engelen Aurora», skreiv den verdskjende artisten Katy Perry på sin Twitter-konto med 66 millioner følgjarar tidlegare i år.

Foto: Scanpix/Kim Erlandsen/P3
Vegopning på Bergum i Førde kommune