Hopp til innhold

– Eit klokt og modig val

Førde-ordførar Olve Grotle er nøgd med at den nye storkommunen får namnet Sunnfjord, og håpar at kritikarane vil vende seg til det etter kvart.

Olve Grotle

FØRDE-ORDFØRAR: Olve Grotle meiner at nye Sunnfjord kommune vil utgjere mesteparten av Sunnfjord-regionen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg er glad for at departementet har tatt ei avgjerd i ei vanskeleg sak. Det er ei modig og klok avgjerd, seier Olve Grotle, ordførar i Førde.

Kommunalminister Jan Tore Sanner kunngjorde i dag at namnet på kommunen som skal bestå av Førde, Jølster, Gaular og Naustdal, blir Sunnfjord kommune.

– Sunnfjord kommune vil utgjere mesteparten av Sunnfjord-regionen, både når det kjem til folketal og areal. Difor dekker namnet godt slik vi ligg geografisk, seier Grotle.

Laster Twitter-innhold

Twitter-innlegget frå Therese Svortevik var ein av mange sterke reaksjonar i dag.

– I dag må folk få lov til å bruse ut og seie det dei meiner. Eg trur at når det har gått nokre dagar, så går det seg til. Sjølvsagt må ein kunne bruke Sunnfjordbunaden sjølv om ein ikkje er innbyggar i den nye kommunen, seier han.

– Eit namn vi kan føle oss heime i

Også ordføraren i Jølster, Oddmund Klakegg, er nøgd med avgjerda frå kommunalministeren. Han tykkjer namnevalet er modig og forstår at det førar til reaksjonar.

– No har vi fått det som kommunenamn på vår kommune og det er vi veldig glade for. Eg trur andre vil bli vande med det etter kvart, seier Klakegg

Han trur at det er viktig med eit kommunenamn som folk kan identifisere seg med.

– Skal vi skal byggje ein fellesidentitet i den nye kommunen er det viktig å bruke eit namn som vi kan føle oss heime i. Sunnfjord er jo trass alt det geografiske området som dekker Jølster i dag, seier han.

– Ein invitt til Fjaler og Askvoll

Førde-ordføraren hinta om at Sunnfjord kommune kanskje kan bli endå større.

– Kanskje ligg dei ein liten invitt til Fjaler og Askvoll i dette. At dei litt fram i tid kan bli ein del av denne fellesskapen, men det er min personlege tolking av det, seier Grotle.