NRK Meny
Normal

– Eit 75-årsminne verd å markere

Tysdag ettermiddag vart 75-årsminnet for Måløyraidet markert i Måløy, mellom anna med kransnedlegging og fakkeltog.

Charles Blålid

LA NED KRANS: Kommandørkaptein Charles Blålid ved Linge-monumentet i Måløy sentrum.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Lokalhistorikar Terje Sølvberg seier at dette er eit minne dei vil om ikkje feire, så iallfall markere.

– Vi meiner det er grunn til å markere denne historiske dagen. Det vart ei redselsfull julehelg for dei som levde i Måløy den gongen. Frå ei fredeleg jul heime bak blendingsgardinene, sikkert med norske flagg i juletrea, til ein kanonade som starta klokka 09.48.

Minnegudsteneste

75-årsmarkering Måløyraidet

MINNEGUDSTENESTE: Sokneprest Mari Saltkjel heldt minnetalen i kyrkja.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Og markert vart det, mellom anna med ei minnegudsteneste i Sør-Vågsøy kyrkje klokka 15. Inn i kyrkja kom ein prosesjon med flagga til heimlanda til dei allierte soldatane som fall under slaget.

Sokneprest Mari Saltkjel leia gudstenesta og tala mellom anna om kva fylgjer krig kan få, også i vår tid.

Hanna Kristine Elde

MINNE FOR LIVET: 14 år gamle Hanna Kristine Elde var glad ho var med på markeringa.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I alt rundt 200 miste livet i slaget andre juledag 1941, dei fleste var tyske soldatar.

– Viktig å ta vare på historia

Dei aller fleste som var med på minnemarkeringa var folk godt oppe i åra. Men det var også nokre få unge menneske med, mellom dei 14 år gamle Hanna Kristine Elde frå Ålfoten.

– Eg har familie her i Måløy, og mamma såg i avisa at det skulle vere minnemarkering i kyrkja. Då fann vi ut at vi skulle ta oss ein tur og sjå kva dette var for noko. For det er viktig at også vi som etterkomarar får vite kva som har skjedd, og at vi tek vare på historia.

– Burde fleire unge ha vore med?

– Ja, det synest eg, for det er mellom anna det som har gjort at Måløy er det det er i dag. Vi har nett hatt om andre verdskrigen på skulen, og då vart mellom anna Måløyraidet teke opp.

– Ei minneverdig markering?

– Ja, dette kjem eg til å hugse. Eg er veldig interessert i historie.

Fakkeltog

Fakkeltog 75-årsminne for Måløyraidet

STEMNINGSFULLT: Folk gjekk i fakkeltog frå Moldøen til Linge-monumentet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Mellom dei som fall denne dagen for 75 år sidan var Martin Linge, sjefen for Linge-kompaniet. Det var kommandørkaptein Charles Blålid som la ned krans på Linge-monumentet i Måløy sentrum.

Før det hadde varaordførar Nils Myklebust lagt ned krans på krigsminnesmerket over dei falne allierte soldatane på Moldøen. Det var soldatar frå Canada, New Zealand, Australia og England som fall.

Frå Moldøen gjekk det fakkeltog til Linge-monumentet.

Det heile enda opp på Torget der ordførar Kristin Maurstad la ned krans på bautaen der. Markeringa vart avslutta med at det vart synt ein film med autentiske opptak frå Måløyraidet.

Skrekkeleg oppleving

Terje Sølvberg

– VERD Å MARKERE: Terje Sølvberg.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Terje Sølvberg seier det må ha vore ei skrekkeleg oppleving for folk i Måløy å vere vitne til det som skjedde for 75 år sidan.

– Det brann 25 hus i nærleiken, alle dei gamle, fine fiskebuene og kaiene vart det sett fyr på, fordi tyskarane hadde forskansa seg der. Det var eit enormt bål og eit enormt lydnivå av fly, skyting og eksplosjonar.

– Vi har fjella rundt oss som gir ein veldig akustikk, vi høyrer det godt når det er torevêr, men eg trur vi kan gange det opp med hundre når vi skal førestille oss korleis det var her den morgonen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.