Hopp til innhold

– Ein merkar at det er fint vêr og tørre vegar

I løpet av to kontrollar denne veka har Utrykkingspolitiet i Sunnfjord skrive 27 førelegg. – Det har nok litt samanheng med vêr og føre, seier Einar Vereide.

Inge Værøy med laseren på Jølster.

GODT GØYMT: Bak ein snødunge på Vassenden i Jølster målte Inge Værøy og UP-patruljen i Sunnfjord farten på bilane på E39.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tysdag plasserte Vereide og kollega Inge Værøy seg på Vassenden i Jølster for å sjekke farten på E39.

Samstundes som skuleborna gjekk heim etter halv skuledag, vart ein bilist målt til 70 km/t i 50-sona. Dette var den hastigaste av 13 førarar som var for tunge på gasspedalen.

– Greitt at vegane er berre og trygge på den måten, men det mange ikkje tenkjer på er dei enorme snødungane som ligg langs vegane. Små kroppar gøymer seg lett bak ein snødunge, seier Vereide.

Måndag skreiv patruljen ut 14 førelegg under ein kontroll på riksveg 5 ved Hovland i Flora. Her var høgste målte fart 105 km/t i 80-sona.

– Godvêret gjer folk blide, og erfaringsmessig går farten ned når sikta går ned. Men vi ynskjer aller helst at fartsgrensa skal haldast uansett vêr, seier han og fortel at det er lite sure miner å spore hos bilistane dei vinkar inn.

Framover vil vêret halde seg stabilt bra, men kvikksølvet vil krype nedover utan at det får politiet til å halde seg vekke frå vegkantane.

– Folk må ikkje tru at vi held oss inne om det blir kaldt eller regnar. Både vi og laseren toler kulde, avsluttar Vereide.