– Det beviser at ein kan klare det meste om ein jobbar hardt, seier Anders Røneid frå Leikanger.
Han er 32 år, og ruvar 2 meter og 13 centimeter over bakken. Då han kom til Førde Volleyballklubb visste ikkje trenaren kva han skulle bruke den lange mannen til. No spelar han VM-kvalik i Zagreb i Kroatia saman med tre andre med bakgrunn frå Førde.
– Hadde ikkje trudd det
Røneid byrja ikkje å spele volleyball før ut i 20-åra, og blant debutantane i Zagreb, er han den eldste. Til vanleg jobbar han som seniorrådgjevar i Direktoratet for forvaltning og IKT, og volleyballen var lenge berre ein hobby. Han spelte fordi han syntest det var kjekt, og hadde ingen aningar om at han kom til å nå så langt då han kom til Førde for tre år sidan.
– Eg hadde berre ledd om nokon fortalde meg då at eg skulle hamne på landslaget, seier Røneid.
Han er den høgaste spelaren i eliteserien i norsk samanheng, og har måtte jobbe hardt for å få kontroll på armar og bein. Men høgda ser han på som ein fordel og har fokusert på ein del trening som gjer at han kan utnytte fordelen til å bli eit godt angreps- og blokkelement.
– Med trening og velvilje kan ein snu ein del uvanar til noko positivt, seier han.
Førde-trenar Jan Egil Tvinde hadde heller aldri sett føre seg at den lange spelaren skulle gjere ei slik kometkarriere då han dukka opp på trening første gong.
– Det er kjekt å sjå at vi kunne utvikle ein slik spelar til å nå det nivået. Men også litt overraskande, seier Tvinde.
Førde godt representert
Av 14 spelarar på landslaget har fem av dei bakgrunn i Førde Volleyballklubb. Øystein Bergum, Lars Fredrik Tvinde, Mathias Loftesnes og Bjarne Nikolai Huus er med Røneid i Zagreb. Røneid meiner det er eit bevis på at ein har greidd å bygge opp eit godt treningsmiljø i Førde.
Det norske laget tapte 1–3 for heimelaget i Zagreb i første kamp i kvalifiseringsrunden. Vidare skal dei spele ein kamp om dagen i fire dagar til i håp om å kvalifisere seg direkte til VM-sluttspelet i Bulgaria og Italia neste år.
Røneid seier Noreg ikkje er blant favorittane, men at dei er eit sterkt lag. Han håpar å kunne kare seg til ein andreplass.
– Spelar vi godt er moglegheitene der, seier han.