Hopp til innhold

– Ein kan jo tenke sitt

Gjennom 20 år har brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, aldri opplevd at fleire bilar tek fyr og vert overtente så fort. No har det skjedd to gonger på to dagar.

Brann Førde

IKKJE NORMALT: To slike brannar på to dagar er to meir enn brannsjef Bernhard Øberg har opplevd gjennom 20 år.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Natt til laurdag brann tre bilar på Hornnes. Natt til sundag vart fire bilar totalskadde på Skaratunet, medan fleire andre bilar også fekk skader. Brannsjefen stod midt i flammane. Han har aldri opplevd liknande.

– Eg har ikkje opplevd slike brannar i mine 20 år i brannkorpset. Og så får vi to slike på to dagar. Det er ganske spesielt, seier Bernhard Øberg til NRK.no

Brannsjefen seier det ikkje er hans jobb å fastslå brannårsaka.

– Det er vanskeleg å spekulere i brannårsak. Men ein kan jo tenke sitt.

– Og kva er det?

– Det er ikkje min jobb å konkludere om dette er påsett. Men folk kan jo tenke sitt. Dette er ganske spesielt, seier Øberg.

– Slo full alarm

Då brannmannskapa kom til staden stod tre bilar i full fyr. Brannsjefen seier det ikkje er normalt ved bilbrannar.

– Det var ganske dramatisk når vi kom fram. I løpet av eitt til to minuttar smitta det over på bilbåsen. Vi såg det kunne verte stygt. Då slo eg full alarm, for å ha nok folk til å dempe flammane i tilfelle det slo over på bilbåsen på motsett rekke.

Øberg seier det var ei nødvendig avgjerd.

Bernhard Øberg

FULL ALARM: Bernhard Øberg trykte på den store raude knappen då han frykta spreiing.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Til saman var vi 15 mann og tre brannbilar. Vi gjekk etter kvart tom for luft, det vart som røykdykking. Det var hektisk, men vi tok det, seier han.

Korkje på Hornnes natt til laurdag eller Skaratunet natt til sundag vart bustadhus eller personar skada. Det har ikkje vore reell fare for spreiing.

Normal beredskap komande natt

Den vidare etterforskinga av dei to brannane er politiet sin jobb.

– No er vi ferdig med vår jobb, og politiet tek no over i etterforskingsfasen, seier brannsjef Øberg.

Brannmannskapa vil ha normal beredskap natt til måndag.

– Neste steg for brannvesenet er normal beredskap natt til måndag, med fem mann på vakt. Vi er ikkje fleire på vakt, men vi er førebudd på at noko kan skje. Vi er på vakt, seier brannsjefen.

Bilbrann i Skaratunet (Vieåsen i Førde)

SPERRA AV: Området er no sperra av politiet, som tek seg av den vidare etterforskinga.

Foto: NRK