Hopp til innhold

– Ein kamp for å få plass til dei som skal sone

– Det er ein kamp kvar einaste dag for å få plass til dei som skal sone, seier assisterande fengselssjef i Vik, Egil Rune Andersen. Dette medfører utsett soning, mangel på varetekstplassar og at innsette slepp ut tidlegare.

Vik fengsel

HEILT FULLT: Alle dei 39 plassane i Vik fengsel er opptekne. Fengselsleiinga seier det medfører store konsekvensar både for tilsette og innsette.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Stortinget har nyleg slutta seg til regjeringa si avtale om soning i Nederland, noko som tilfører 242 fengselsplassar. Aldri før har norske fengsel vore fullare enn no, skriv Bergens Tidende i dag. I Vik har dei 39 plassar som alle er opptekne.

Må flytte innsette til open avdeling

Det at fengselet ikkje har kapasitet til å ta imot nye fangar medfører store konsekvensar både for dei tilsette og dei innsette.

– Det er heile tida ein kamp for å leite etter plassar. Folk som skulle vore på lukka avdeling må flyttast over til open avdeling, noko som medfører at miljøet blir tøffare på dei opne avdelingane, seier Andersen til NRK.

Fengselet i Vik må heile tida stille seg til disposisjon for politiet og ta imot fangar som skal i varetekt, noko som fører til at enkelte innsette må sleppast ut før dei er ferdig å sone.

– Det er ikkje så heldig. For dei innsette kan det vere at ting ikkje er klart når dei kjem ut, til dømes bustad og arbeid, fortel Andersen.

Ventar på klarsignal

Sjølv om det er prioritert frå fengselet i Vik å ta imot personar som skal i varetekt, hender det at dei ikkje har kapasitet.

– Vi ønskjer å vere disponible for politiet heile tida, men det har vi ikkje moglegheit til. Vi prøvar å flytte innsette til andre fengsel for å lage plass, men av og til må vi berre la dei gå, seier Andersen.

Kva er løysinga?

– Ein må bygge fleire fengsel. Det er mange fengsel som har planar om å bygge ut, der i blant oss. Vi har vore klar i eit og eit halvt år, men har ikkje fått klarsignal på å bygge ut 30 nye plassar, fortel Andersen.