Hopp til innhold

– Ein gledeleg dag for bergindustrien

Norsk Bergindustri er over seg av glede etter at regjeringa i dag sa ja til Nordic Mining sine planer om gruvedrift i Engebøfjellet.

Elisabeth Gammelsæter

VIKTIG: Elisabeth Gammelsæter meiner avgjerda om sleppe Nordic Mining til i Engebøfjellet er viktig for heile bransjen.

Foto: Roger Manndal, NRK

Det har teke åtte år og 110 millionar kroner til utgreiing sidan Nordic Mining starta arbeidet med gruvedrifta.

Generalsekretær Elisabeth Gammelsæter i Norsk Bergindustri meiner vedtaket i dag er viktig for framtidstrua i industrien.

– Norge er eit industrimineralland, og dette er førekomst som er viktig globalt, og den verksemda kan tilføre viktig kunnskap og kompetanse i tida som kjem, seier ho.

«Svart fredag»

– Får vi dette prosjektet på plass no så er det viktig for å jobbe for å bli endå meir berekraftig i bergindustrien i Norge, seier Gammelsæter.

På sikt kan gruvedrifta gi kring 300 arbeidsplassar lokalt, men gruveplanane har vore omstridd. Rapportar og meiningar har stått steilt mot kvarandre om kva følgjer eit sjødeponi vil få for livet i Førdefjorden.

Etter avgjerda fredag skildrar enkelte vedtaket som ein «svart fredag», med relasjonar til flykampane som fann stad over Førdefjorden under 2. verdskrig. Gammelsæter meiner dei har lite å frykte.

– Ei god avgjerd

– Dette er Norges mest utgreidde industriprosjekt med 110 millionar kroner. Det finst ikkje noko landbasert industri som er betre greidd ut. Her er alle steinar snudde, og alt er vurdert. Eg kjenner meg trygg på at dette er ei god avgjerd for Norge, seier ho.

Tidlegare vore kritisk til den lange søknadsprosessen. Gammelsæter meiner vedtaket i dag gir regjeringa auka truverd i industripolitikken framover.

– Føreseielegheit har vore av dei største utfordringane for bergindustrien. No har vi bygt stein for stein, det har kome minerallov, mineralstrategi og regjeringa har sagt at dei vil satse på bergindustri, seier Gammelsæter og avsluttar:

– Det har teke noko tid å forstå kva det betyr i praksis, men når dei no tillèt Nordic Mining så viser det at dei meiner alvor, avsluttar ho.