Hopp til innhold

– Ein bursdag eg aldri kjem til å gløyme

Marie Kristin Taklo frå Eid er mellom dei som får vere med når det norske kongeparet skal feire 25-årsjubileum - på sin eigen 25-årsdag.

Marie Kristin Taklo

– LETT Å SEIE JA: Marie Kristin Taklo skal feire 25-årsdagen saman med kongeparet.

Foto: Privat

Det var den 17. januar 1991 Kong Olav døydde og Dronning Sonja og Kong Harald vart kongepar. Same dagen vart Marie Kristin fødd. No er ho invitert til feiringa som representant for Sogn og Fjordane saman med 25-åringar frå alle dei andre fylka i landet.

– Det er veldig stas då. Men eg var litt sjokka då eg fekk telefon frå Fylkesmannen om at eg kom til å få ein invitasjon. Det er ikkje akkurat det du ventar å få. Eg er litt spent og litt nervøs.

– Kan ikkje seie nei til slikt

Det var i førre veke ho fekk telefonbeskjeden, og i helga kom den offisielle invitasjonen. Og ho nølte ikkje med å seie ja takk.

– Eg takka ja med ein gong. Eg kan ikkje seie nei til noko slikt. Det blir ei bursdagsfeiring eg aldri kjem til å gløyme, så det var veldig lett å seie ja.

Kongeparet på fylkesbesøk i Møre og Romsdal.

FEIRAR 25 ÅR SOM KONGEPAR: Dronning Sonja og Kong Harald på ein av sine mange turar landet rundt.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Ikkje veldig oppteken av monarkiet

Feiringa skal føregå i Oslo med eit ope publikumsarrangement på Universitetsplassen og Slottsplassen søndag 17. januar. I tillegg skal det vere ei festførestilling i Universitetets aula. Og spesielt inviterte er altså 19 personar som har det til felles at dei vart fødde på eller nær den 17. januar 1991.

Marie Kristin Taklo er ferdig utdanna sosionom, ho er fødd og oppvaksen på Nordfjordeid, men bur no i Stryn. Ho har lenge visst at ho er fødd same dagen som Kong Olav døydde. men at det skulle føre til ein slik invitasjon hadde ho ikkje tenkt på.

Ho seier at ho ikkje er av den generasjonen som er veldig oppteken av monarkiet.

– Men eg likar veldig godt kongeparet. Eg synest at dei er veldig folkelege.