– Ein blir litt lei seg, mest på deira vegne

Som trenar har Gunnar Reiakvam vore med på svært mange oppturar med vektløftarane i Naustdal. I dag vart det derimot ein real nedtur.

Gunnar Reiakvam

NEDTUR: Dagens løfting under Nordisk meisterskap i vektløfting vart ein nedtur for trenar Gunnar Reiakvam og resten av løftarane frå Tambarskjelvar.

Foto: Anna Gytri / NRK
Anna Gytri
Journalist

– Det gjekk ikkje heilt som vi hadde tenkt, må Tambarskjelvar-trenaren skuffa vedgå på telefon frå Slagelse i Danmark.

Der er han lagleiar for den norske troppen som er med på nordisk meisterskap for seniorar i vektløfting. Nesten halvparten av dei norske løftarane representerer Tambarskjelvar, og forventningane til medaljar har vore store.

Hadde håpa å greie VM-kravet, men ...

Men Tambar-løftar Ine Andersson i 63-kilosklassen vart ståande utan resultat i rykk, fortel Reiakvam.

– Det var ikkje noko særleg kjekt. Ho var i veldig god form, og hadde kanskje forventa å gjere kravet til VM. Men det vart eit underkjent løft og to bom i rykk, så det blei dårleg med det.

Sølv og fjerdeplass

Med dei to andre kvinneløftarane frå Tambarskjelvar gjekk det heldigvis litt betre.

– Sandra (Trædal, red anm.) gjorde det eigentleg veldig bra, ho fekk sølvmedalje. Men ho fekk ikkje heilt utteljing ho heller, med eit underkjent rykk som gjorde at ho kom litt ut av rytmen, seier Reiakvam.

Trædal vart ståande med 71 kilo i rykk og 88 kilo i støt.

I 69-kilosklassen rykka Marit Årdalsbakke 82 kilo og støyta 92 kilo, noko som heldt til ein fjerdeplass.

– Ho rykka faktisk 97 kilo også, men fekk det underkjent. Det er veldig streng dømming internasjonalt, konstaterer trenaren.

Tambarskjelvar stilte også med lag i lagkonkurransen, fordi dei vann den norske lagkonkurransen i fjor. Men med berre to teljande resultat vart Norge ståande sist i den nordiske lagfinalen.

– Det skulle ha vore plankekøyring

På herresida hadde Tambarskjelvar ein løftar som var i aksjon i dag. Jantsen Øverås jakta på medalje i 69-kilosklassen.

– Han var i knallform før vi reiste nedover. Men også han vart ståande utan resultat i rykk i dag, dessverre.

– Han begynte på 120 i rykk og det skulle ha vore plankekøyring. Han har rykka 125 kilo på trening, og 120 kilo har han gjort fleire gonger.

– Dei er ikkje maskiner

Reiakvam er skuffa, men samtidig oppteken av at dei unge løftarane må kome seg raskt vidare.

– Dei er trass alt ikkje maskiner, så ein kan ikkje forlange noko av dei. Men det er klart dette er skuffande.

For deg som trenar, korleis er det når de får ein slik dag på eit nordisk meisterskap?

Dette er kjedeleg. Og ein blir litt lei seg, mest på deira vegne. Men det er idrett vi driv med, og då er det oppturar og nedturar. Det må dei lære seg å takle. Det kan ikkje berre vere oppturar, det er ikkje slik det fungerer.

Søndag skal resten av den norske troppen i aksjon. Då løftar tre karar frå Tambarskjelvar, Vebjørn Varlid, Sindre Rørstadbotnen og Tore Gjøringbø.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.