NRK Meny
Normal

– Ei regjering kan ikkje la seg diktere av opposisjonen

Solberg-regjeringa er no inne i eit skjebnedøgn, etter at KrF måndag gav statsminister Erna Solberg (H) frist til tysdag med å ta grep for å hindre regjeringskrise.

Frank Willy Djuvik

TRIST: Fylkespolitikar for Frp, Frank Willy Djuvik

Foto: Torje Bjellaas

– Ei løysing der til dømes Sylvi Listhaug skulle byte departementet, ville samstundes seie at det ikkje er Erna Solberg som styrer samansetninga av regjeringa, men Hareide og KrF. Det kan ikkje ei regjering leve med, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Måndag møttest landsstyret i KrF. Etter eit fire timar langt møte vart det klart at KrF ikkje har tillit til den sitjande justisministeren. Landsstyret gav og Stortingsgruppa mandat til å handtere saka som kjem i Stortinget tysdag.

– Eg tykkjer dette er trist, men eg tykkjer og det er greitt å få avklart kvar KrF står i det politiske landskapet. Det har vi vore usikre på i fleire år no, så det er for så vidt ei grei avklaring å få, seier Djuvik.

Regjeringskrise

Etter at justisminister Sylvi Listhaug (Frp) i ei Facebook-oppdatering hevda at Arbeidarpartiet meinte terroristane sine rettar var viktigare enn tryggleiken for landet kan det no gå mot regjeringskrise. Både statsminister Erna Solberg, kunnskaps-og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) og Sylvi Listhaug har bede om orsaking. Det har ikkje vore nok for opposisjonen.

– Alle som følgjer med i norsk politikk skjønar at dette ikkje først og fremst handlar om statusoppdatering til Sylvi Listhaug. Dette handlar om kven som skal styre landet. Dei raudgrøne partia ynskjer ikkje at Høgre og Framstegspartiet skal styre, og no kan det sjå ut til at dei også får med seg KrF, og det tykkjer eg er trist, seier Djuvik.

Erna har ballen

Akkurat no ligg ballen hjå Erna Solberg. KrF har gitt ho frist til tysdag med å ta grep for å hindre ei regjeringskrise. I Florø vedgår fylkespolitikar Bjørn Hollevik (H) at det går mot nokre spanande timar for landet.

Bjørn Hollevik på Sunnfjord hotell

SPENT: Fylkespolitikar for Høgre, Bjørn Hollevik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Situasjonen er uavklart, og det er nok ikkje berre eg som er spent på kva som vert utfallet i denne saka, seier Hollevik.

– Men det ligg vel og eit ansvar på Erna Solberg her. Ho har fått ein frist til å gjere endringar i regjeringa og på den måten unngå ei regjeringskrise?

– Det er klart. Men det vert då etablert ein ny parlamentarisk praksis der brått er opposisjonen som skal peike på kven som skal sitt kvar i ei regjering, seier Hollevik.

Ikkje tillit i Stortinget

Etter landsstyremøtet i KrF sa Ap leiar Jonas Gahr Søre at Erna Solberg no bør ta til seg at fleirtalet på Stortinget ikkje har tillit Listhaug som justisminister.

– Eg tykkjer det er svært rart at Stortinget går til det steg å fremje mistillit mot ein statsråd. Ikkje på grunn av at ein har villeia Stortinget eller ikkje har gjort jobben sin, men på grunn av dei meiningane statsråden har, seier Djuvik.

Vegopning på Bergum i Førde kommune