Hopp til innhold

– Ei krevjande veke

– Eidaren Sveinung Rotevatn har den siste tida stått midt i mediestormen som statssekretær hjå tidlegare justisminister Sylvi Listhaug (Frp). Til Fjordenes Tidende vedgår Rotevatn at den siste veka har vore krevjande. På spørsmål frå avisa om korleis inntrykket hans av Listhaug har endra seg, svarar han smilande at det kunne han sagt mykje om, men at han vil spare det til memoarane sine.

Sveinung Rotevatn.
Foto: John-André Samuelsen / NRK