Hopp til innhold

– Ei klok avgjerd at Bolstad går

Dei legetillitsvalde meiner det er eit steg i rett retning for Helse Førde at Jon Bolstad sluttar som administrerande direktør.

Torgeir Folkestad, Jens Ola Evjensvoll, Hans Jacob Westbye

TILLITSVALDE: Torgeir Folkestad (Yngre Legers Foreining), Jens Ola Evjensvold (Overlegeforeininga) og Hans Jacob Westbye (Overlegeforeininga).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

I dag vart det kjent at Jon Bolstad sluttar som administrerande direktør i Helse Førde etter snart 13 år i helseføretaket. Han blir no toppsjef i Sjukehusapoteka Vest.

– Vi tenker at dette er ei klok avgjerd som vil vere bra for Helse Førde.

Det seier legetillitsvald Hans Jacob Westby i Overlegeforeininga til NRK.

I april gjekk dei legetillitsvalde ut og varsla at dei ikkje lenger hadde tillit til toppsjefen. Dei kravde «radikale endringar» i toppleiinga for at tilliten kunne atterreisast.

Dette kom på toppen av ei lang tid med uro og mistillit, som starta på seinsommaren 2016.

Inn i nytt spor

Westby trur helseføretaket kan kome inn på eit nytt spor i høve omstillinga og samarbeid.

– Men årsaka til tillitskrisa er større enn Jon Bolstad. Det er framleis utfordringar i Helse Førde. Vi synest endringar i leiinga er eit godt signal om at styret og resten av føretaksleiinga har eit ønske om endringar og betre samarbeid.

Jon Bolstad

SLUTT: Jon Bolstad er ferdig som toppsjef i Helse Førde.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

No har det fått dei «radikale endringane» de bad om?

– Vi sette fingeren på to ting. Det eine var den direkte mistilliten særleg i leiarlinene til administrerande direktør. Den andre er ukulturen der folk er redde for å vere usamde og seie ifrå om kritikkverdige høve. Det er framleis ei utfordring.

– Korleis tykkjer de at styret har handtert saka?

– Vi har sagt at vi er skuffa over at styret ikkje tok tak i dette tidlegare. Vi meiner styret har noko å lære av denne prosessen og at det må gjerast ein del forbetringsarbeid i korleis styret arbeider.

– Kva med styreleiar Agnes Landstad si handtering?

– Ho var vel forsøkt etter beste emne å balansere mellom ein organisasjon i krise og ein administrerande direktør. Men signala vi gav ho, har ho ikkje følgt opp.

– Har de tillit til styreleiar og styret?

– Ny administrerande direktør gir håp om ein ny start.

Usikker om tillit

Agnes Landstad

ROSAR: Styreleiar Agnes Landstad trur uroa i helseføretaket er noko av grunnen til at Bolstad sluttar, og rosar han som ein hardtarbeidande leiar som har gjennomført gode endringar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Tillitsvald i Yngre Legars Foreining, Torgeir Folkestad, meiner derimot Bolstad sin avgang ikkje er formidlande overfor måten styret har handtert saka på.

– Dette er sak vi vil vurdere å følge opp. Styreleiar Landstad er nøydd til å komme med ei utsegn i høve styrehandsaminga, seier Folkestad.

– Har de tillit til henne?

– Det ynskjer eg ikkje kommentere no.

Styreleiar Agnes Landstad trur at uroa i føretaket er ein av årsakene til at Jon Bolstad sluttar.

– Eg har stor respekt for at Bolstad har søkt nye utfordringar. Han er ein hardtarbeidande leiar. Med han har Helse Førde oppnådd gode resultat på mange felt.

– Korleis vil han bli hugsa?

–Bolstad blir hugsa som ein som leia helseføretaket gjennom store utviklingar. I dag har vi ei god spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane.

– Bolstad har stått i mange stormar og gjennomført endringar som i ettertid har vist seg å vere gode, seier Landstad.