Hopp til innhold

– Ei kjensle som ikkje kan skildrast

SOGNDAL (NRK): – Målet mitt var å prøve noko eg eigentleg ikkje tør, og sjå korleis det går, ler Anne Ruud.

Julie Olsen og Anne Ruud har konkurrert i frikøyring for første gong

FYRSTE TUR: Julie Olsen og Anne Ruud har konkurrert i frikøyring for første gong

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK

Ruud har akkurat sett utfor ei stupbratt fjellside i Sogn. For første gong.

Saman med Julie Olsen har ho deltatt i konkurransen i frikøyring, som er ein del av Fjellsportfestivalen i Sogndal, og det første rennet i årets Noregscup.

Frikøyring går ut på å køyre fritt og utan oppkøyrd løype, og bruke dei naturlege utfordringane som ligg i terrenget. Då det ikkje finst reglar utøvarane skal følgje, vert dei vurdert mellom anna etter teknikk, flyt og kontroll i fjellsida.

– Det er første gong vi gjer det, vi hadde ikkje peiling på kva vi gjekk til då vi kom. Men det gjekk over all forventning, og vi hadde det veldig gøy, seier Ruud.

Frikøyrar på veg ned fjellsida

UTFOR: Slik ser det ut når ein frikøyrar rasar ned den bratte fjellsida.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Adrenalin i bakken

– Det er vel adrenalinet, seier Ruud på spørsmål om kvifor ho ønskjer å drive med dette.
– Det er ei kjensle som ikkje kan skildrast, rett og slett.

Sola strålar i fjellsida, og mykje folk for har møtt opp for å heie på dei som sett utfor bratte fjellsider. Rennsjef Henriette Landro er imponert over utøvarane.
– Folk må nok ha litt "guts" for å gjere det. Gode skiforhold, adrenalin og glede får folk til å hoppe utfor, seier ho.

Landro er med som frivillig for første gong og storkosar seg.

– Det er heilt fantastisk. Det er ein nydeleg dag, og flotte menneske har stilt opp for å lage god stemning. Vi er så heldige med vêret, nesten ikkje til å tru, seier ei begeistra Landro.

Tilskodarar under frikøyringskonkurransen

FINVÊR: Tilskodarane kosar seg i bakken.

Risikofylt skikøyring

Trass i god stemning vart tilskodarane òg vitne til at ein skikøyrar fall i eit hopp og skada seg. Den skadde kvinna vart henta ut frå fjellsida med helikopter.
– Vi må ha gode system for å ivareta tryggleiken under slike arrangement. Ein tryggingsansvarleg sjekkar snøtilhøva og anna før konkurransen, seier Landro.

Frikøyringskonkurransen har fleire år vore avlyst grunna vêr og tilhøve.
– Alt skal klaffe. Alt skal vere trygt og sikkert nok, så sikkert som vi kan få det, seier rennsjefen.

10 år som frivillig

Rennsjef Henriette Landro og arenasjef Helge Bondevik

BRA ARBEIDSDAG: Rennsjef Henriette Landro og arenasjef Helge Bondevik er strålande nøgd med arrangementet.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Eit arrangement som dette treng mange frivillige. Arenasjef Helge Bondevik har vore frivillig i 10 år, og var med då frikøyring kom på festivalprogrammet for første gong i 2011.

– Mi oppgåve i år er å legge til rette på målområdet, fremje sponsorar og lage god stemning. Det er kjempemoro heile vegen, og eg treffer så mange blide folk, seier Bondevik om det å vere frivillig.

Den fartsfylte festivalen i Sogndal held fram til søndag. – Eg gler meg til å vere med på alt som skjer i resten av helga. Det blir konsertar og god stemning med ein flott gjeng, seier rennsjef Landro.

Frikøyringskonkurransen er over og festivalen skal halde fram med afterski

FJELL OG SKI: Konkurranse i fjellheimen gir god utsikt til tilskodarane.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK