NRK Meny
Normal

Først hauststorm, så nesten tropenatt og no kjem smellen: – Kjekk helg å vere meteorolog

Dette er ei kjekk jobbhelg for ein meteorolog. Det seier statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand.

Veret

MARKANT TEMPERATURFALL: Etter tilnærma tropenatt mange stader i fylket kjem nedbøren og kulden. Den blå streken syner ein kaldfront. Det kjem nedbør med kald luft i bakkant.

Foto: Meteorologisk institutt

Dette er ikkje kvardagskost i oktober, det har nesten vore tropenatt nokre stader. Dette er spesielt, seier meteorologen

Kjersti Opstad Strand

– Det er kjekkare å vere meteorolog med slike helger. Er det fint og stabilt ver går arbeidsdagen seint, men no skjer det noko heile tida, seier Opstad Strand.

For det har vore litt av ei helg. Det byrja med at den første hauststormen kom inn med mykje vind og nedbør fredag. Men laurdag kunne mange vakne til opphald og svært høge temperaturar.

– Den varme laurdagen skuldast var luft frå sør, seier Opstad Strand.

Varme og opphald mange stader laurdag

Veret

TUNGE: Bilete syner korleis varmluft breidde seg som ei tunge over Norge/Skandinavia laurdag. Sønnavind førte varm luft frå kontinentet nordover. Raud er varmt, kvit/blå er kaldare luft, forklarar meteorolog Anders Doksæter Sivle.

Foto: Meteorologisk institutt

Midt på dagen laurdag var det over 20 grader mange stader. Lærdal var tredje varmast i landet med 21,1 grader.

– Det var ein varm fin dag i fylket. Over 20 grader i oktober er ikkje vanleg. Men sjølv om nokre stader var i nærleiken nådde ingen oktoberrekord, sa Anders Doksæter Sivle ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Når NRK tok ein sjekk klokka 18 laurdag, var temperaturane som følgjer: Lærdal 19.5, Fjærland 20.3, Førde lufthamn 15.6, Kråkenes fyr 19.2, Sandane lufthamn 16.3, Stryn 17.2, Svelgen 19.6, Florø lufthamn 17.9, Takle 18.2, Balestrand 16.5, Vangsnes 17.8, Sogndal lufthamn 14.8.

Så vart det aldri kaldare...

Sandane

YLVISÅKER: No må Gud snart ta til vetet, om ikkje byrjar nok til og med dei verste skeptikarane å tru på klimakrisa, skriv denne innsendaren.

Foto: Innsendar
Temperatur

FØRDE VED MIDNATT

Ein ny sjekk på ein del punkt syner at det ikkje vart kaldare den kvelden. Frå heile fylket har det kome meldingar om temperaturar rundt 20 grader ved midnatt.

– Det var veldig mild og varm luft som vart liggande. Vanlegvis vert det kaldare på natta på grunn av avkjøling, eller det vi kallar utstråling. Men skya vêr og varm luft saman, gjer at varmen held seg, seier Opstad Strand.

På utvalde stader var temperaturane ved midnatt desse: Lærdal 19.7, Takle 19.3, Fjærland 20.2, Fureneset 19.3 Florø 18.7 flyplassen, Svelgen 20.0, Kråkenes 20.0,

– Dette er ikkje kvardagskost i oktober, det har nesten vore tropenatt nokre stader. Dette er spesielt, seier meteorologen.

Men no kjem smellen

Men så sa det bang. Og det har det allereie gjort i ytre strok. I Florø låg det i overkant av 18 grader i natt. Men no er det 9 grader, ifølgje meteorologen. Grunnen kan du sjå på biletet øvst i artikkelen.

– Det kjem ein kald luftfront inn, som er den blå streken. Med den kjem også nedbør. Den går austover, men i kveld kjem den vestover att. Det er utfordrande både å varsle og forklare dette, seier Opstad Strand.

Fallet i temperatur skjer på heile Vestlandet. Bergen har gått frå 19 grader i natt til 9 grader no. Det markante temperaturfallet vil merkast utover dagen i indre strok.

– Folk kan følgje med utover dagen. På ein time kan du gå mellom seks og ti grader ned i temperatur, seier Oppstad Strand.

– Det har vore ei spesiell helg. Det er veldig interessant å sjå dei lokale effektane, seier meteorologen om ei alt anna enn «kjedeleg» finvêrshelg på jobben.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå