Hopp til innhold

Spanderer tur og bading på skuleelevar frå brannråka Lærdal

Luster kommune og Utdanningsforbundet i Luster har invitert skuleungar frå Lærdal til Lustrabadet. I begge kommunar er dei frå seg av begeistring over initiativet og opplevinga.

Lustrabadet

JUBEL: Elevane frå Lærdal fekk ei fin oppleving i Lustrabadet. Det braut ut applaus for enkelte av hoppa og stupa.

Foto: Anne Siri Bentsen / Privat

Det var Utdanningsforbundet og lærarane i Luster som tok initiativet, og Luster kommune var raskt med på planane. I samarbeid spanderer dei busstransporten, billettar til badet og vakthaldet.

Leiar av Utdanningsforbundet i Lærdal, Ingebjørg Voll, er frå seg av glede over at elevane får komme til Lustrabadet.

– Ei heilt utruleg flott gåve å få. Veldig flott og veldig overraskande, seier ho.

Førre onsdag var alle skuleelevane i Lærdal frå 1-5 klasse i Lustrabadet. I dag var det 6-10 klasse sin tur. Alle grunnskuleelevane i Lærdal kommune, til saman rundt 250, får oppleve basseng, stuping, sklier, varmekulpar og badstove. Voll kan ikkje få takka lustringane nok.

– Vi er veldig, veldig glade for at dei gjer dette for oss. Og veldig takksame. Ei fantastisk fin oppleving for ungane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lustrabadet3

HOPP: Hopping og stuping er berre to av mange aktivitetar lærdølane på tur fekk oppleve.

Foto: Anne Siri Bentsen / Privat

Gøy saman

Og det kan ungane trenge, seier Voll.

Seint på kvelden 23. januar i år braut det ut ein brann i Lærdal. Den utvikla seg raskt til ein storbrann, som gjorde store skader i Lærdal. Ingen menneske kom til alvorleg skade, men fleire måtte behandlast for røykskadar. 40 bygningar brann ned, 17 av dei bustadhus.

– Det har med brannen å gjere. Dei ville gje ei god oppleving til ungar frå Lærdal, og gav oss difor denne dagen, seier Voll.

Mange i Lærdal har vore gjennom tøffe tider. Nokre har mista hus og heim, Dei som ikkje har det sit likevel med sterke inntrykk frå brann-natta og dagane som følgde.

– Det gir oss ein anna type skuledag og ei flott stund der vi berre kan ha det gøy saman, både lærarar og elevar, og ikkje tenke på det som har vore, seier Voll.

Ein annleis skuledag

Ein annleis skuledag er også namnet Utdanningsforbundet i Luster har gjeve til dagen. Anne Siri Bentsen hovudtillitsvald i forbundet og er i Lustrabadet i ettermiddag.

– Det er rundt 130 elevar og vaksne her i dag. Dei gliser frå øyre til øyre, storkosar seg, og har det berre heilt fantastisk i lag, seier Bentsen.

Ho fortel at dei sat seg ned etter brannen og tenkte gjennom korleis dei kunne bidra for å hjelpe lærdølane.

– Kva kan vi gjere for å skape ei felles og god oppleving for dei som har opplevd brannen? Då tok vi initiativ til dette, for at dei skal få ein annleis skuledag, som gjer at ein kan snakke om noko anna, sjå fram til noko anna og kose seg i lag på ein anna måte, seier Bentsen.

Det kostar å transportere 250 elevar og vaksne, kjøpe billettar og sørge for vakthald. Men Bentsen vil ikkje prate om det.

– Dette handlar ikkje om pris. Økonomien er underordna. Vi får så mykje meir igjen av å få lov til å gje elevane i Lærdal ein annleis skuledag, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utanfor Lustrabadet

KLARE: Elevane på veg inn til Lustrabadet, klare for ei fin oppleving.

Foto: Anne Siri Bentsen / Privat

Alle mann i bassenget

Gunn Beate Sjøthun er lærar på Lærdalsøyri skule, og nyt dagen i Lustrabadet.

– Det er kjempekjekt. Stemninga er svært god. Elevane er i full aktivitet, og det er kø for å få prøve alt: Vi skal hoppe, vi skal stupe og vi skal skli, seier ho.

For det er ikkje berre elevane Ikkje berre elevane står i kø.

– Vi lærarane er også uti. Eg kjenner at eg er litt sliten. Det er hardt, men svært kjekt for alle mann, ler Sjøthun.

Dei kom i 3 bussar i føremiddag.

– Elevane jubla då dei fekk vite at vi skulle hit. Vi føler oss veldig påspanderte, veldig viktige, og vi føler at dei ser oss og det vi har vore gjennom i Lærdal, seier Sjøthun.

Læraren vil leggje spesielt vekt på det sosiale.

– Dette blir noko annleis enn vanleg skule og noko ekstra vi får gjere. Det var veldig koseleg på bussturen innover, seier ho.

– Litt avkopling?

– Ja, vi får prate om litt andre ting og ha det kjekt saman. Det var artig å prate med elevane på bussen, og artig å bade og stupe med dei.