NRK Meny
Normal

– Ei grense ein bør passe seg for å krysse

VEVRING/FØRDE (NRK): Fylkespolitikar Aleksander Øren Heen (Sp) seier det er trist at ungdom gjer seg til lovbrytarar for å protestere mot gruvedrifta i Naustdal.

Aleksander Øren Heen om sivil ulydnad i Vevring

STØTTAR IKKJE DETTE: Senterpartipolitikar Aleksander Øren Heen (Sp) synest ikkje det er greitt å lenke seg fast for å fremje synet sitt, slik 14 aksjonistar gjorde i Vevring tysdag.

Foto: Vidar Gudvangen/Kjell Arvid Stølen / NRK

Tysdag ettermiddag vart 14 aksjonistar arresterte av politiet etter å ha lenka seg fast på vegen til Engebøfjellet i Naustdal. Målet var å hindre Nordic Mining i å drive prøveboring etter rutil.

– Eg synest det er trist, mest for dei som utøver desse demonstrasjonane, at dei vel å bli lovbrytarar for å protestere på eit lovleg fatta vedtak frå regjeringa, seier Øren Heen.

Meiner det går for langt

Aksjonen var i regi av ungdomsorganisasjonen Natur og Ungdom som tidlegare har varsla aksjonar mot gruvedrifta, også i prøveboringsperioden som starta denne veka. Tysdag gjorde dei alvor av truslane.

– Vi gjer dette fordi vi meiner det løyvet som Nordic Mining har fått er noko drit, og at det ikkje kan kallast noko anna enn miljøkriminalitet, sa Gjertrud Øvretveit, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, tysdag føremiddag.

Senterpartiet har heile vegen støtta gruveprosjektet, og Øren Heen meiner aksjonistane tek steget for langt.

– Dei må gjerne gi uttrykk for sin frustrasjon. Vi har ytringsfridom, og ein kan bruke den på veldig mange måtar, men å gjere seg til lovbrytar meiner eg er ei grense ein bør passe seg for å krysse, sjølv om du har eit veldig stort engasjement, seier han.

Aksjonistane i Vevring blir fjerna med makt av politiet etter at dei ikkje fjerna seg av fri vilje.

FJERNA MED MAKT: Slik gjekk det føre seg då demonstrantane vart fjerna av politiet. Foto: Vidar Gudvangen

– Har gjort alt vi kan

Aksjonistane på si side meiner det er meir alvorleg at regjeringa har tillate dumping i Førdefjorden, og fryktar at det vil truge livet i fjorden.

– Vi må ty til lenking for å få stoppa dette prosjektet. Vi har gjort alt vi kan for å stoppe det på lovleg vis, sa Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom, tidlegare tysdag.

Men Øren Heen seier han har tillit til at regjeringa har gjort alle naudsynte vurderingar.

– At andre har andre konklusjonar, det må vi ein sjølvsagt respektere, men no er det ein gong slik at det er regjeringa som har ansvar for å gjere vedtak og følgje dei lovene vi har for miljø i dette landet.

– Må akseptere tap

Etter fleire timar i lenker i Vevring fekk aksjonistane ei skriftleg åtvaring frå politiet om at dei ville bli bøtelagt om dei måtte fjernast med makt. Men aksjonistane valde å trassa åtvaringa, og politiet klipte lenkene og bar dei inn i ein buss.

Deretter vart dei frakta til Florø der dei vart bøtelagde og fekk pålegg om å halde seg unna anleggsområdet ved Engebøfjellet.

– Av og til må du faktisk akseptere at du tapar ei sak, seier Øren Heen.

14 aksjonistar vart arresterte etter å ha lenka seg fast for å hindre gruveselskapet Nordic Mining i å drive prøveboring i Engebøfjellet i Naustdal.

LENKA SEG FAST: Aksjonistane vil ikkje gi opp kampen for Førdefjorden. (Foto/redigering: Steinar Lote)

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.