Hopp til innhold

– Ei audmjuking av dei som jobbar med formidling av krigshistorie

– At fylkestinget ikkje kunne finne 800 000 til Måløyraidsenteret ser vi på som ei audmjuking av vår felles krigshistorie, seier Terje Sølvberg.

Terje Sølvberg

GIR IKKJE OPP KAMPEN: Lokalhistorikar og pådrivar for Måløyraidsenteret, Terje Sølvberg.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Onsdag sa det raudgrøne fleirtalet i fylkestinget nei til å løyve 800 000 til senteret.

Forkjemparane meiner senteret ville vere viktig for å fortelje seinare generasjonar om kva som skjedde langs kysten under krigen.

– Måløyraidsenteret skal formidle krigshistoria, seier Sølvberg.

Men økonomien har skapt vanskar meir enn ein gong. Då staten tidlegare i år lova 5,3 millionar kroner, og 600 000 kroner til drift, trudde mange at resten skulle vere plankekøyring. Slik gjekk det altså ikkje.

– Vi tykkjer det er beklageleg at fylket med dette syner for heile nasjonen og det internasjonale miljøet at dei ikkje vil vere med på dette

Gjort til ei valkampsak

Sølvberg opplever det som at Måløyraidsentert blei ofra i den politiske kampen mellom dei raudgrøne og dei blå. For under fylkestingseta onsdag var det, det raudgrøne fleirtalet i fylkestinget som nekta å løyve pengar til det historiske Måløyraidsenteret.

– Vi veit at det bli kriga mellom dei raudgrøne og dei blå. At dei raudgrøne i fylkestinget brukar denne saka som dei blå har tatt tak i og tatt ansvar for i Stortinget og regjeringa og gjer den til ei valkampsak, det skuffar meg.

Gir ikkje opp kampen

Men eldsjelene bak Måløyraidsenteret ser ikkje slaget som endeleg tapt sjølv om dei fylkeskommunale krone uteblir.

– Nei, det er stor mobilisering i gang no, allereie onsdag kveld vart eg kontakta av folk som ville støtte oss med pengar.